Stryn vidaregåande skule

Vidaregåande opplæring for vaksnePraksiskandidat helsearbeidarfaget


22.januar startar Stryn vidaregåande skule opp nytt kurs innan Helsearbeidarfaget. Kurset høver for deltakarar med lengre arbeidspraksis i faget og rettar seg mot ein tverrfagleg praksiskandidateksamen hausten 2014.
Søknadsfrist 17.januar.

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne utan rett kan òg få opplæring så langt det er plass på kurset, men dei vert prioriterte etter dei med rett. Deltakarane får låne lærebøker og eventuelt datamaskin, men har ikkje rett til gratis skyss.

Du må søkje på www.vigo.no – vaksenopplæring/realkompetansevurdering.
Søknadsfristen er 17. januar.

Informasjon om kurset:
Kurset høver for deltakarar med lengre arbeidspraksis i faga og rettar seg mot ein tverrfagleg praksiskandidateksamen hausten 2014. Eksamen dekkjer den teoretiske delen av fagprøva.

Helsearbeidarfaget, Stryn/Eid
Oppstart er 22. januar på Stryn vidaregåande, og andre kursdag er 29. januar same stad. Vidare vert det undervisning annakvar veke, vekslande mellom Stryn og Nordfjordeid. Kurset vil gå på dagtid.

Meir informasjon ved avdelingsleiar ved Stryn vidaregåande skule, Johanne Elisabett Sørdal, tlf. 57 83 48 00.

Tips ein ven Skriv ut