Stryn vidaregåande skule
Elevane Nina Tonning og Joakim Husevåg frå Vg2 Transport og logistikk    Foto: Fjordingen

Elevane Nina Tonning og Joakim Husevåg frå Vg2 Transport og logistikk Foto: Fjordingen

Viktig kursing for elevane

Vg2 Transport og logistikk har fått opplæring i bruk av rullestolheis i buss, både maskinelt og manuelt. Nina Tonning og Joakim Husevåg er einige om at det ikkje er berre berre å manøvrere ein rullestol på plass.

Elevane på vg2 Transport og logistikk har i det siste fått vere med på ei unik opplæring, nemleg kursing i bruk av rullestolheis. Det har vore eit godt samarbeid mellom Firda billag, Stryn kommune og skulen. Lærar Odd Atle Skarstein trur elevane er først i landet til å få denne type opplæring, og dei skal også ha kurs med lift (bakløftar) og krokløft seinare. Bussmagasinet var på besøk under kurset, og har laga video om opplæringa:
https://m.youtube.com/watch?v=--qhIuPcsvg