Stryn vidaregåande skule

Viktig melding frå Lånekassen


Færre får grunnstipend skuleåret 2015-16.

Bakgrunnen for endringa er at grunnstipendet skal møte dagens familiesituasjon og den reelle familieøkonomien på ein meir treffsikker måte. Les om endringane på neate side.

Grunnstipendet skal gå til elevar frå familiar med svak økonomi og som treng det mest. Ein av konsekvensane er at færre får grunnstipend frå neste skoleår (2015–2016).

Her er nokre av endringane:

• No bruker vi inntekta til begge forsørgjarane, uansett om eleven bur hos begge eller berre hos ein av dei.
• Vi ser på den samla personinntekta og kapitalinntekta til forsørgjarane.
• Dersom forsørgjar har ny ektefelle/sambuar, blir det lagt til ein fast sum på inntekta til forsørgjar når vi reknar ut grunnstipendet. Førebels reknar vi berre eit tillegg for den nye ektefellen til forsørgjaren, men det er foreslått av regjeringa at dette også skal gjelde for forsørgjar sin nye sambuar. Dette er enno ikkje vedteke.
• Endringane vil føre til at færre får grunnstipend.

Les meir om endringane av grunnstipendet, og sjå eksempel på www.lanekassen.no/grunnstipend.
Lån til elevar over 18 år som bur borte. Elevar under 18 år får ikkje lenger lån. Lån blir berre gitt til elevar over 18 år som ikkje bur saman med foreldra. Det blir ikkje behovsprøvd mot foreldra sin økonomi. Lånet er på inntil 3 000 kroner per månad. Det kan framleis bli gitt lån til eventuelle skolepengar til elevar under 18 år.

Les meir om lån til elevar over 18 år i vidaregåande opplæring på www.lanekassen.no/lanforelevar.

Andre endringar i forskrifta
• Det er også andre endringar for elevar med ungdomsrett.

Du finn alle endringane på heimesida vår: www.lanekassen.no

Vennleg helsing
Lånekassen