Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Opplæring fram til fagbrev/Yrkesfagleg fordjuping

Yrkesfagleg fordjuping

6 timar per veke på Vg1 -  9 timar per veke på Vg2

Det nasjonale føremålet med faget Yrkesfagleg fordjuping er at det skal gi elevane høve til å prøve ut eit eller fleire aktuelle lærefag innan relevant utdanningsprogram. Yrkesfagleg fordjuping skal  sjåast ii samanheng med Felles programfag og førebu opplæringa til eleven fram til fagbrev.

Lokale læreplanar

Det er utarbeidd Læreplanane er tilpassa dei tilbod og føresetnader den einskilde skule kan gi innan dei ulike programområda, både lokalt og regionalt. Læreplanane er og tilpassa og organisert for fleksibelt opplæring med veksling mellom opplæring i skule og opplæring i bedrift.

Organisering

Gjennom opplæringa og gjennom rettleiing frå faglærar  i Yrkesfagleg fordjuping får eleven erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike lærefaga og fordjupar seg i kompetansemål frå læreplanane på Vg3-nivå, både på skule og i bedrift.

På Vg1 – nivå får elevane kunnskap om, kjennskap til og erfaring med breidda i utdanningsprogrammet. Elevane får prøve ut eit eller fleire lærefag. Hovudføremålet med Yrkesfagleg fordjuping på Vg1 er at elevane får godt grunnlag til å velje rett programområde på Vg2-nivå.

På Vg2 fordjupar eleven seg i ønska lærefag og vert knytt opp mot relevant opplæringsbedrift tidleg i opplæringsløpet. Skulen har tett samarbeid i Vg3 nettverka (skule/faglærar, bedrift og opplæringskontor) på dei ulike programområda. Faglærar rettleiar eleven gjennom opplæringa på skule og samarbeid med bedrift. Hovudføremålet er at eleven  er kvalifisert til læreplass og får tilbod om læreplass etter fullført opplæring på Vg2 – nivå.

Vurdering

Ansvarleg lærar skal gi eleven tilbakemelding med utgangspunkt i vurderingskriteria i eleven sin opplæringsplan.

Eleven skal ha standpunktkarakter etter fullført Yrkesfagleg fordjuping. Det er eleven sine kunnskapar, ferdigheiter og haldningar, grad av måloppnåing og uttale frå opplæringsbedrift/opplæringsbedrifter som skal gi grunnlag for den endelege sluttvurderinga.

Tips ein ven Skriv ut