Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Dei ulike yrka/Yrkessjåførfaget

Yrkessjåfør med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Arbeidsplassane til yrkessjåføren finn du i transportbransjen – både forskjellige typar godstransport og persontransport.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • transport av personar og varer
  • handtering og sikring av last og personar
  • lasting og lossing
  • service og kundebehandling
  • ruteplanleggjing
  • planleggjing og gjennomføring av oppdrag
  • handtering av transportdokument og dokument for grensepassering
  • vedlikehald og klargjering av utstyr

Personlege eigenskapar

Yrkessjåføren må i sitt arbeid vise ansvarsmedvit, samarbeidsevne, nøyaktigheit, serviceinnstilling og evne til å planleggje sin eigen arbeidsdag. Yrkessjåføren må ha evne til å kommunisere med dei ulika aktørane.

Formelle krav

Yrkessjåførfaget krev i tillegg til førarkort i alle kategoriar ei rekkje spesialbevis som ADR- og truckførarbevis.

For elevar/lærlingar som vel godstransport inngår førarkortopplæring kl. C og CE eller for persontransport kl. D og DE i høve til førarkortforskriftene for aktuelle førarkortklassar. 

Tips ein ven Skriv ut