Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Bilde av byggfagelev som monterer takstolar på driftsbygning  Foto: Stryn vgs

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Kan du tenkje deg ei framtid innan bygg og vedlikehald av bygningar, anlegg, vegar, vatn- og avløpsinfrastruktur eller annan infrastruktur, så kan bygg- og anleggsteknikk (BA) vere noko for deg. Startar du eit utdanningsløp på BA, kan du seinare utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke, f.eks. innan tømrar, mur og betong, røyrleggjar eller anleggsmaskinførar.

Du som vel BA, bør ha praktisk sans, eit godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre i eit hektisk og variert arbeidsmiljø.  Kommunikasjon med arbeids- og oppdragsgivar, i tillegg til helse, miljø og tryggleik står sentralt.

Vi tilbyr

Innan utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk tilbyr vi følgjande:

  • vg1 bygg og anleggsteknikk
  • vg2 tømrar
  • vg2 betong og mur 

 

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter fagbrevet, om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

Vg1

I løpet av skuleåret får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i bedrift, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg. På vg1 vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag desse 10 vekene.

Opplæringa er delt inn i:

  • 17 timar programfag per veke
  • 12 timar fellesfag per veke
  • 6 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

 

Vg2

I løpet av dette skuleåret får du moglegheit til å fordjupe deg innan valt yrkesområde. Som på vg1 har du 10 veker i løpet av skuleåret som vert nytta til arbeidspraksis, fordjupingsoppgåver og prosjekt i samarbeid med kundar eller lokale bedrifter. På vg2 kan elevar som ønskjer det, få vere i praksis i større grad. Skulen har også erfaring med internasjonale prosjekt som elevane har delteke i.

Opplæringa delt inn i:

  • 17 t programfag per veke
  • 9 timar fellesfag pr veke
  • 9 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

Vg 1 bygg- og anleggsteknikk 

Her får du lære meir om:

  • Byggekonstruksjon, anleggsteknikk, vatn og avløpsinfrastruktur frå planlegging og skissering til bygging, kvalitetssikring og vedlikehald av bygg- og anleggskonstruksjonar.
  • Bruk av teikningar og arbeidsskildringar i eige arbeid og i kommunikasjon med arbeidsgivar og andre samarbeidspartar.
  • Byggeskikkar og byggetradisjonar
  • Materialar og verktøy sine eigenskapar, og korleis val av material og verktøy påverkar klima, miljø og økonomi
  • Helse, miljø og tryggleik som grunnlag for førebygging av helseskadar og ulykker

Startar du eit utdanningsløp på BA, kan du seinare utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Du kan gå vidare mellom anna innan tømrar, mur og betong, røyrleggjar og anleggsmaskinførar.

Her finn du læreplanen til vg1 bygg- og anleggsteknikk.

Vg2 tømrar og vg2 betong og mur

Drøymer du om å arbeide som tømrar, murar eller betongarbeidar, kan du her fordjupe deg innan ei av desse retningane. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er difor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa for å knytte saman teori og praksis.

Du får aktive og lærerike dagar både på skulen og i arbeidspraksis i ei eller fleire av våre samarbeidsbedrifter. Vi tek også oppdrag frå kundar, og skuleåret 2023/2024 held arbeidet med Nordfjord Smarthus på Nordfjordeid fram.

Elevane våre får i tillegg sertifisert opplæring på truck.

  • betong-, flis- og murararbeid
  • teikne og beskrive bygningsdelar i betong og mur
  • å planlegge, gjennomføre, risikovurdere og dokumentere arbeidsoppgåver i tråd med lover og forskrifter
  • regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet


Som betongfagarbeidar, murar eller flisleggar kan du få jobb i entreprenørbedrifter, kommunale etatar, staten, hos eigedomsforvaltarar eller murar- og tømrarmeistarar.
Arbeidsoppgåvene omfattar produksjon av betong- eller murverk, samt rehabilitering og restaurering av ulike konstruksjonar.

På vg2 tømrar lærar du mellom anna om:

  • oppføring, rehabilitering og vedlikehald av bygningar
  • teikning og konstruksjonsforståing
  • å planlegge, gjennomføre, risikovurdere og dokumentere arbeidsoppgåver i tråd med lover og forskrifter
  • kvalitetssikring av arbeidet
  • montering av stillas
  • regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet


Tømrarfaget omfattar bygging og montering av ulike typar trekonstruksjonar. Sentrale arbeidsområde er:

  • konstruksjons- og innreiingsarbeid i bygningar
  • lafting
  • rehabilitering og vedlikehald av bygningar
  • arbeidsplanlegging og drift av byggeplassar.

Her finn du læreplanen for vg2 betong og mur

Her finn du læreplanen for vg2 tømrar

blobid2.png

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om bygg- og anleggsteknikk og vidare utdanningsvegar på vilbli.no