|
NM-GULL til Johan Eirik Meland!
Johan Eirik Meland, elev ved Idrettsfag ved Stryn vidaregåande skule vart juniornorgesmeister i klasse 18 år på fellesstarten på Lillehammer i dag. Dei andre gutane frå VG1 og VG2 Idrettsfag har også hevda seg godt under fellesstarten i dag. Johannes Thingnes Bø går sin første distanse i Europameisterskapet i dag.
Vi gratulerer Johan Eirik med NM-gullet !
|
|
2012.01.27 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Studieorienteringsdag ved Stryn vidaregåande skule
Fredag 27.januar er det studieorienteringsdag for avgangselevane. Det vert informasjon om høgare utdanning, gradstruktur, søknadsprosess og opptakskrav. Ulike høgskular og universitet vil informere frå stands og i Auditoriet. Sjå vedlagde plan for dagen.
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Fylkesordføraren som vil løfte omdømmet til Sogn og Fjordane
- Når fylket først skulle få si første kvinne som fylkesordførar, må det kunne seiast at vi fekk ei dame med ein spennande profil. 152 centimeter på strømpelesten plasserer henne i klasse med Elisabeth Taylor, Brenda Lee og Dolly Parton når det gjeld høgde over havet. Klatreruta hennar til topps i politikken gjekk utanfor dei hevdvunne rutene.-
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Ungdomspolitikarar diskuterte framtida med finansministeren
Finansminister Sigbjørn Johnsen inviterte mandag 23. januar ungdom frå heile landet til å diskutere korleis Norge skal vere i framtida. – Det var både kjekt og lærerikt. Vi hadde gode diskusjonar og fekk fram det vi ville. Vi fekk også inntrykk av at politikarane tok oss på alvor og tek med seg innspela våre vidare, seier nestleiar i Ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vilde Tøfte Øvstetun.
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Karolineprisen til Johannes Thingnes Bø
Laurdag vart Johannes Thingnes Bø tildelt Karolineprisen for 2012 som landets største skiskyttartalent.Fredag vart han teken ut til junior-EM i skiskyting. Utdelinga av Karolineprisen skjedde under ei tilstelling ved Wang Toppidrett i Oslo. Juryen si grunngjeving var bl.a.; Han har topp prestasjonar i alle skulefag. Samstundes er han grossist i NM-titlar i si klasse, og utfordrar verdas beste skiskyttarar i seniorklassa. Et flott ideal for annen ungdom og en verdig vinner som lever opp til Karolineprisens intensjon.
|
|
2012.01.22 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Informasjon til elevar og foreldre, Elevundersøkinga 2012
Føremålet med elevundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet er at elevane skal få seie si meining om læring og trivsel på skulen. Resultata frå elevundersøkinga blir ikkje sletta, men lagra etter forskriftene, og nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet.
Sjå ytterleg informasjon under Les meir
|
|
2012.01.19 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Ivrige elevar på VG2 Byggteknikk
Elevane på VG2 Byggteknikk har spennande utfordringar i Prosjekt til fordjuping. Med fagleg rettleiing frå læraren får dei her prøvd ut kunnskapane og ferdigheitane sine i oppføring av eit garasjebygg. Bygg- og anleggsteknikk er eit populært utdanningsprogram på Stryn vidaregåande skule, og til neste skuleår aukar vi opp tilbodet til to klassar på VG1 nivå.
|
|
2012.01.19 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Fire gull og ein sølv i norgescupen på Simostranda!
Søndagens sprintdistanse i norgescupen på Simostranda gav siger til fire skiskyttarar som til dagleg er elevar på Stryn vidaregåande skule:
Gull til: Johannes Thingnes Bø Isak Flo Bødal Heidi Flo Bødal Mari Sollid Eide
Johan Eirik Meland tok gull på sprinten laurdag og sølv på søndag. Johannes, Johan Eirik og Isak leiar norgescupen i sine klassar.
Vi gratulerer!
|
|
2012.01.19 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Det er viktig å ha vener
Marco Elsafadi snakka til heile Stryn vidaregåande skule om kor viktig det er å ha vener. Det handla om meistring. Han har ei historie å fortelje, om å komme seg opp og fram. Og han kjenner verktøya. Venskap er alfa omega. Støtte frå vener er det. Marco ønskte å bevisstgjere ungdomen på kor viktig venskap er utan at ein må bli alvorleg sjuke først. Han oppfordra ungdomen til å våge meir. Sprenge eigne grenser.
|
|
2012.01.17 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Ungt Entreprenørskap får 2,7 mill. kr til arbeid med nyskaping og etablering i skulen
Fylkeskommunen nær doblar løyvinga til Ungt Entreprenørskap, og gjev 900 000 kr i året fram til 2014. Avtalen skal støtte opp om det viktige arbeidet med entreprenørskap i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule.
|
|
2012.01.11 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Fylkesrelaterte nettstadar
Stryn vidaregåande skule 100 år
|