Hopp til hovedinnhold

Ønskjer du å vere eksamensvakt?

Elev som les i ei bok. Foto: Reed foto

Vi treng eksamensvakter i perioden 21. - 31. mai!

Fleirtalet av eksamenane er digitale, vi ser difor etter vakter som er kompetente pc-brukarar. Du bør kunne hjelpe elevane med pålogging og oppstart.

Dei fleste vaktene varer 5-6 timar, oppmøte kl 08.15 i ekspedisjonen på skulen.

Meld di interesse ved å sende ein e-post til post.strv@vlfk.no. Skriv kort om deg sjølv og eventuell tidlegare erfaring som vakt. Send også oversikt over kva dagar du kan stille som eksamensvakt. Dersom du ønskjer flest mogleg oppdrag, bør du vere tilgjengeleg for oppdrag alle eksamensdagane.