Hopp til hovedinnhold

Flott innsats av Strynerussen!

Jublande elevar utanfor skulen. Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Jammen greidde russen å setje ny rekord i aksjonen Krafttak mot kreft!

Heile 224 082 kroner vart samla inn av svært engasjerte elevar sist veke. Denne gongen var det ikkje høve til å samle inn kontantar, russen gjekk rundt og ba om støtte på vipps. I tillegg kontakta dei eit stort tal bedrifter i og utanfor Stryn, og fekk samla inn nok til å slå den gamle rekorden frå 2015 som var på 218 348 kroner. Fantastisk godt jobba!