Hopp til hovedinnhold

Eksamensgjennomføring

Jente som peikar på eit oppgåveark. Foto Reed foto.

Her finn du informasjon om gjennomføring av eksamen ved Stryn vgs våren 2026.

Lokal eksamensplan

Her er alle våre datoar for eksamen våren 2026 (PDF)

Praktiske opplysningar

  • Eksamen våren 2026 vert offentleggjort 28. april kl 09.00 i Visma InSchool.
  • Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen og evt. lærestoff/lærebøker dei treng.

Tal eksamenar for dei ulike utdanningsprogramma

Yrkesfag

Alle elevar på vg2 skal opp til ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i programfag.

I tillegg skal ca 20 % av elevane på vg1 og vg2 trekkjast ut til eksamen i eitt fellesfag, sentralt gitt og /eller lokal gitt eksamen. Andelen på 20 % skal sjåast over ein toårsperiode.

Vg1 studiespesialisering

Ca 20 % av elevane skal trekkjast ut til eksamen i eitt fag, skriftleg, munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk.

Vg2 studiespesialisering

Alle elevane skal trekkjast ut til eksamen i eitt fag, skriftleg, munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk.

Vg3 studiespesialisering

Alle elevane skal opp i totalt 4 eksamenar, og av desse skal alle ha skriftleg eksamen i norsk hovudmål. 

I tillegg til den obligatoriske eksamenen i norsk hovudmål, skal elevane trekkjast ut til skriftleg eksamen i to fag, og ein munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk eksamen.

Tilrettelegging

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging.

Du kan ikkje få tiltak som vil gje deg fordeler framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje vert prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogeleg å legge til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnskap.

Søknad må sendast i Visma InSchool. Rektor avgjer om og korleis tilrettelegging skal skje.

Sensur og klagefrist for skriftleg eksamen

Sensurfrist på eksamen er sett til 19. juni.

Hurtigklagefrist er 24. juni kl 12, med handsaming i veke 26.

Ordinær klagefrist er 1. juli. Frist for handsaming av ordinære klager er 10. september.

 

 

Eksamensansvarleg

Har du spørsmål vedrørande eksamen, ta kontakt med eksamensansvarleg, Anita.

Anita Elisabet Flo

rektor
Anita Elisabet Flo. Foto: Reed foto