Hopp til hovedinnhold

Rådgjeving

Liv Elisabet Rygg og Anne Serine Heggdal er rådgjevarane våre.

Ta kontakt om det er noko du tykkjer er utfordrande i skulekvardagen, eller om du treng utdannings- eller yrkesrettleiing. Rådgjevarane har sjølvsagt tausheitsplikt, og dei er der for å hjelpe deg!

Du finn dei på kontoret i 1. et. ved sidan av trappa opp frå kantina.

Generelt om rådgjeving

Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og skal vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skule.

  • Det vert informert om rådgjevartenesta i klassane.
  • Rådgjevarane deltek på informasjonsmøte om skulen.
  • Kontakt med foreldre og føresette i samarbeid med kontaktlærar.
  • Samarbeid med rådgjevarane på ungdomsskulen.
  • Rådgjevarane er ansvarlege for planlegging, gjennomføring og evaluering av hospitering i faget utdanningsval og arbeidslivsfaget.
 

§ 22-3 Utdannings- og yrkesrådgjeving

Den enkelte elev har rett til rådgjeving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Rådgjeving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning:

  • oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Norge og andre land
  • oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
  • informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.
 

§ 22-2. Sosialpedagogisk rådgjeving

Den enkelte elev har rett til nødvendig rådgjeving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgjevinga, er å medverke til at den enkelte elev finn seg til rette i opplæringa. Det skal hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar, som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skulen.

  • Klarleggje problem og omfanget av desse.
  • Kartleggje kva skulen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skulen.
  • Rettleie elevar med tanke på feilval og fråfallsproblematikk.

Har du spørsmål?

Kontortid skuleåret 2022/2023:

Tysdag kl. 08.45 - 11.35 og 14.20 - 15.45 (Liv Elisabet)

Onsdag kl. 08.45 - 15.15 og 12.55 - 15.45 (Anne Serine)
 
Torsdag kl. 08.45 - 12.15 og 12.55 - 15.45 (Liv Elisabet)
 

Anne Serine Heggdal

rådgjevar
Anne Serine Heggdal

Liv Elisabet Rygg

rådgjevar
Liv Elisabet Rygg