Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er tilpassa og lett tilgjengelege tilbod for deg som er ung. Dei som jobbar der har teieplikt. Nokre gongar er det godt å ha ein vaksen å snakke med sjølv om ein ikkje har spesielle problem, eller det kan vere ting som er utfordrande og vanskeleg i livet. Du er like velkomen til å kome innom uansett!

Skulehelsetenesta

Sjukepleiar Ragnhild er på skulen kvar tysdag kl. 9 - 14 og torsdag kl. 10 - 14. Du finn kontoret i 2. et. mellom fløy 1 og 2. Det er berre å stikke innom, du treng ikkje å bestille time. 

Elevar og personar kring eleven vert oppmoda om å ta kontakt dersom eleven treng oppfølging frå sjukepleiar. Sjukepleiar kan vise veg vidare ved behov, dette er i tilfelle i samarbeid med den enkelte elev. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere skulelege, fastlege, pedagogisk psykologisk teneste (PPT), barnevern, barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) eller spesialisthelsetenesta. 

Helsestasjon for ungdom i Stryn kommune (hfu)

Hfu er eit supplement til skulehelsetenesta. Det er eit gratis "drop in"-tilbod for gutar og jenter mellom 13 og 20 år, der du kan treffe lege, helsesøster eller jordmor. Hfu er ope kvar tysdag kl. 14.30 - 16.30 på legesenteret (2. et. over Coop Extra).

På hfu kan du blant anna samtale om/få rettleiing i

  •  seksuell helse og prevensjon, kjønnssjukdomar, graviditet og abort, seksuell legning, seksuelle overgrep
  •  førebygging av kjønnslemlesting og tvangsekteskap
  •  rus og røykeslutt
  •  ungdom og psykiske helse som for eksempel angst og depresjon
  •  vanskelege familieforhold
  •  vold
  •  trivsel/mistrivsel, mobbing
  •  sorg og krise
  •  søvn
  •  ernæring, matvanar, kropp, vekt og spiseforstyrringar
  •  fysisk aktivitet
  •  utvikling og pubertet
  •  prevensjon: informasjon om og resept på ulike prevensjonsmidlar

Vi utfører

  • graviditetstest
  • klamydiatest

Vi deler ut gratis kondomar.

Du finn hfu på Facebook: Stryn helsestasjon for ungdom.

Her kan du lese om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse:

Meningokokkvaksine til ungdom 16 – 19 år

Har du spørsmål?

Ragnhild er på skulen kvar tysdag kl. 9 - 14 og torsdag kl. 10 - 14. Du finn ho på kontoret i 2. et. mellom fløy 1 og 2.

Helsestasjon for ungdom er ope kvar tysdag i skuleåret kl. 14.30 - 16.30. Dei er lokalisert på legesenteret (2. et. over Coop Extra, Setrevegen 4).

Ragnhild Keilen

sjukepleiar
Ragnhild Keilen, sjukepleiar