Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

Bilde av del av uteområdet på vestsida av Stryn vgs

Stryn vgs har eige team for elevteneste

Vi er opptekne av å vere tett på elevane, tidleg. Vi vil at alle elevar skal ha ein god skulekvardag. For å få til dette, er det bra å ha trygge vaksne som kan hjelpe til med smått og stort. 

Skulen har arbeidd strategisk på ei rekkje område for å nå målsettinga om gode elevresultat og høg gjennomføring. Dyktige pedagogar, gode samarbeidsrelasjonar med lokalt og regionalt arbeids,- nærings- og samfunnsliv er avgjerande faktorar.

På same tid har skulen sett sterkt fokus på godt elevmiljø og god trivsel. Team for elevteneste fungerer som ein overliggande «paraply» i kvardagen, og har knytt til seg kompetansepersonar på ulike område både internt og eksternt. Dette er med på å bygge trygge rammer rundt eleven.

Vi  jobbar for å tidleg fange opp saker som gjeld alle elevar, og vi er sikra samarbeid mellom elevtenesta og leiargruppa. Elevtenesta samlast kvar veke for å ta opp, diskutere og/eller fordele saker mellom ressurspersonar. Vi hentar og inn eksterne ressurspersonar om det er behov for det.

 

Har du spørsmål?

Kari Vigdis er leiar for elevtenesta. Ta kontakt med henne om det er noko du lurer på!

Kari Vigdis Teigen Nyberg

avdelingsleiar
Kari Vigdis Teigen, avdelingsleiar