Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.
Vaksenopplæring restaurant- og matfag
Hausten 2022 startar vi eit utdanningstilbod for vaksne med føremål om fagbrev innan restaurant- og matfag. Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom skule, næringsliv og NAV (Gloppenmodellen).
Målgruppe
Målgruppa er i hovudsak minoritetsspråklege, men opplæringstilbodet kan òg rettast mot andre.
Gjennomføring
Utdanninga er fireårig, der sluttkompetansen er fagbrev. Utdanninga kombinerer teori og praksis frå første skuleår, gjennom at eleven vekslar mellom opplæring i skule og bedrift. Opplæringa i skulen er i hovudsak organisert med undervisning på dagtid (kl. 08.55–15.30), og varierer mellom teoretisk opplæring i fellesfag og programfag kombinert med praksis i kjøkken/restaurant. Praksis i bedrift følgjer bedrifta si arbeidstid.
Modell for vaksenopplæring restaurant- og matfag
1. år | 2. år | 3. år | 4. år |
Programfag i restaurant- og matfag vg1 Praksis i bedrift |
Programfag i kokk- og servitørfag vg2 Praksis i bedrift |
Praksis i bedrift | Læretid og godskriving av praksis |
Norsk | Norsk | Engelsk | |
Matematikk | Engelsk | Samfunnskunnskap | |
Naturfag |
På Vg1 restaurant og matfag vil du mellom anna lære om:
- kosthald, næringsmiddel og ernæring
- måltid- og menyplanlegging
- kunnskap om råvarer, mat og drikke
- produksjon og servering av ulike retter
- matkultur og tradisjon
Som kokk, ernæringskokk eller servitør kan du arbeide i hotell eller restaurantnæring, på sjukehus eller helseinstitusjonar, i næringsindustrien eller forretningar som sel ferskvarer.
Spørsmål, rettleiing og søknad
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta
Søknad må sendast via vigo.no.
Klikk deg inn på vaksenopplæring/realkompetansevurdering og følg instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegong og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette. Det er løpande opptak til utdanninga, såleis ingen spesifikk søknadsfrist.