Hopp til hovedinnhold

Kombinasjonsklasse

To elevar frå kombinasjonsklassen på bedriftsbesøk på Hjelle Hotell.  Foto: Stryn vgs

Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.

Tilbod for minoritetsspråkleg ungdom

Vi har klassar for minoritetsspråkleg ungdom som tek fag på grunnskulenivå (kalla GMU eller kombinasjonsklasse). Dette er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Stryn kommune.

Faga du skal ha, er norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, utdanningsval, basisgruppetime og kroppsøving. Etter å ha teke grunnskuleeksamen, er du betre rusta til seinare å starte på vidaregåande skule.

Elevane har ulik skulebakgrunn, og kan få inntak etter ulike vilkår.

  • Elevar som ikkje har skulebakgrunn frå heimlandet som svarar til norsk grunnskule, dvs. minimum 9 år med opplæring.
  • Elevar som har avslutta ordinær grunnskule i Noreg, men som på grunn av kort butid treng meir opplæring.
  • Elevar som kan dokumentere minimum 9 år grunnskule frå heimlandet, men som ønskjer/treng eit betre grunnlag før inntak til vidaregåande skule.


Kommunane må kartlegge språkferdigheitene til dei som søkjer. Elevar som er på eit A2-nivå i norsk bør oppmodast til å søkje GMU, medan elevar på lågare nivå må få meir norskopplæring i regi av kommunane.

Søknadsfristen for inntak til GMU-tilbodet er 1. februar.