Hopp til hovedinnhold

Eksamensgjennomføring

Jente som peikar på eit oppgåveark. Foto Reed foto.

Her finn du informasjon om gjennomføring av eksamen ved Stryn vgs våren 2024.

Lokal eksamensplan

Her er alle datoar for skriftleg eksamen våren 2024 (pdf)

Praktiske opplysningar

  • Skriftleg eksamen våren 2024 vert offentleggjort 15. mai kl 09.00 i VIS (Visma InSchool).
  • Munnleg (M), munnleg-praktisk (MP) og praktisk (P) eksamen vert offentleggjort 48 timar før eksamensdagen.
  • Skulen skal legge til rette for at melding om trekk vert tilgjengeleg for elevane.
  • Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen og evt. lærestoff/lærebøker dei treng.

Tilrettelegging

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging.

Du kan ikkje få tiltak som vil gje deg fordeler framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje vert prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogeleg å legge til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnskap.

Søknad må sendast i VIS (Visma InSchool). Rektor avgjer om og korleis tilrettelegging skal skje.

 

Eksamensansvarleg

Har du spørsmål vedrørande eksamen, ta kontakt med eksamensansvarleg, Anita.

Anita Elisabet Flo

ass. rektor
Anita Elisabet Flo, assisterande rektor