- Bygg- og anleggsteknikk
- Helse- og oppvekstfag
- Innføringskurs for minoritetsspråklege
- Kombinasjonsklasse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkomen til Stryn vgs - for deg som vil litt meir!
Er du klar for vidaregåande opplæring? Kom til oss! Vi kan tilby eit trygt og inkluderande miljø, flinke tilsette, gode lokale og ei fantastisk kantine. Skulen ligg midt i sentrum i tettstaden Stryn, innerst i Nordfjord. Vi har i underkant av 300 elevar og 60 tilsette.
Vil du drive med skiskyting i skuletida?
Då er Stryn vgs staden for deg! Vi har landslinje i skiskyting, det betyr at søkjarar frå heile landet kan gå på skule her. Vi kan tilby topp treningstilhøve året rundt og svært dyktige lærarar/trenarar.
Internasjonal praksis for elevar på vg2 helsearbeidarfag
Stryn vgs har søkt om midlar for at elevar skal få nytt praksisopphald på Kreta våren 2027.Aktuelle saker
25.08.2026
Tilgang til InSchool for føresette
Føresette kan få tilgang til fylkeskommunen sitt skuleadministrative system, InSchool.

17.08.2026
Velkomne til orienteringsmøte!
Vi ynskjer alle føresette til elevar på vg1 og vg2 velkomne til orienteringsmøte. For vg1 er møtet tysdag 25. august kl 18.00 - 20.00, for vg2 torsdag 27. august kl 18.00 - 20.00.

05.08.2026
Velkomen til nytt skuleår!
Vi ser fram til å møte deg måndag 17. august! Det blir samla oppstart for alle i kantina kl 09.

05.08.2026
Vestland har innført felles mobilreglar frå 1. august
Mobiltelefonar og smartklokker skal leggast bort og vere sett på lydlaus under opplæringsøkta.
