Hopp til hovedinnhold

Les meir om miljøtiltaka våre

Du skal ha det bra på skulen!

Team for elevteneste, miljøkoordinator, elevar og tilsette er alle viktige i arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø for den enkelte! Kvar morgon står det nokon i døra og ynskjer deg velkomen. Elevmentorane har aktivitetar i klassane, og det er kjekke temadagar og påfunn i kantina.

Første fredag etter skulestart er det Bli kjent-dag med ulike aktivitetar ute og inne, quiz og grilling.

Det vert servert gratis middag med dessert til alle hybelbuarane fleire gonger i månaden. Miljøkoordinator, rådgjevar og kantinepersonalet står bak det populære tiltaket. 

Kvar haust vert det arrangert trafikktryggingsdag der elevane mellom anna får vere med på simulert trafikkulukke, dei får prøve å slokke brann og lære livreddande førstehjelp. Elevar frå helse- og oppvekstfag er med som sminkørar og markørar.

Gjennom skuleåret har vi mange ulike temadagar, der dei elevane som vil, kler seg ut. Det er premiering for beste kostyme, til dei som lagar best stemning og til vinnarane på ulike konkurransar/kahootar.

Advent og jul vert sjølvsagt markert på skikkeleg vis. Vi har trekking av julekalender kvar skuledag i advent, det er nissegraut og vårt fantastiske juleball! Denne kvelden er det dei tilsette som har dugnad for elevane, lagar julemiddag og serverer dei festkledde ungdommane våre.

 

Valentines og påske vert heller ikkje forbigått i stillheit!