Hopp til hovedinnhold

Litt meir om oss

Inngangspartiet på austsida av Stryn vgs. Foto: Stryn vgs

Stryn vidaregåande skule, ein god stad å vere!

Skulen ligg i Stryn sentrum like ved rutebilstasjonen, noko som er svært praktisk for dei elevane som kjem med buss til skulen! Adressa er Hegrevegen 1.

Vi har ei god og romsleg kantine, sjølve hjartet i skulen. Her får elevane gratis frukost kvar morgon, og vidare utover dagen kan vi kjøpe sunn og god mat og drikke av Jon og Recheal. Opningstid kl. 08.30 - 14.15.

Ekspedisjon og administrasjon ligg i 2. etasje over kantina. Her er ope i skuletida.

Høg gjennomføring

Gjennom mange år har Stryn vgs vore i landstoppen på gjennomføring, dvs kor mange av elevane våre som fullfører vidaregåande opplæring innan fem år. Resultatet gjeld både elevane som startar på yrkesfagleg opplæring og dei som går studiespesialisering. Dette er vi svært stolte av! 

Aktivitetar og sosiale tiltak

Du skal ha det bra på skulen! Vi arbeider difor jamnleg med å skape eit trygt og godt skulemiljø for den enkelte. Elevmentorane er inne i klassane allereie første skuledagen, og har fleire opplegg utover skuleåret.

Hybelbuarane blir invitert på gratis middag 3-4 gonger i månaden. 

Første fredag etter skulestart er det Bli kjent-dag med ulike aktivitetar ute og inne, quiz og grilling. Gjennom skuleåret har vi mange ulike temadagar, der dei som vil, kler seg ut. Det er premiering for beste kostyme, til dei som lagar best stemning og til vinnarane på ulike konkurransar/kahootar.

Kvar haust vert det arrangert trafikktryggingsdag der elevane mellom anna får vere med på simulert trafikkulukke, dei får prøve å slokke brann og dei får lære livreddande førstehjelp. Elevar frå helse- og oppvekstfag er med som sminkørar og markørar.

Til jul stiller alle tilsette opp og lagar full julemiddag som dei serverer til dei festkledde ungdommane våre. Dette er stor stas!

Sosiale medium

Du finn oss både på facebook og instagram:

Kontaktinfo til skulen:

Telefon: 57 63 86 00

Epost: poststrv@vlfk.no

Postadresse: Postboks 158, 6781 Stryn

Gateadresse: Hegrevegen 1, 6783 Stryn