Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Vg1 elevar på tur til Oldedalen i open buss. Foto: Stryn vgs

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering?

Ønskjer du generell studiekompetanse, og vil skaffe deg eit godt grunnlag for å søkje vidare studium ved høgskular og universitet? Då skal du gå studiespesialisering (ST).

Alt etter kva vidare studium du tenkjer, vel du på vg2 mellom to ulike programområde.

  • Realfag. Er du utforskande og analytisk, liker å eksperimentere og resonnere, kan realfag vere retninga for deg. Du får best mulegheit til å fylle spesielle opptakskrav ved fordjuping i matematikk og andre realfag, noko som trengs ved studium innanfor realfag, medisin og i naturvitskaplege og teknologiske fag.
  • Språk, samfunnsfag og økonomi. Er du interessert i kultur, samfunnstilhøve og økonomi, eller har anlegg for språk, kan dette vere retninga for deg. Du får eit godt grunnlag for å søkje dei fleste studium innan for eksempel litteratur, kultur, språk, samfunnsfag el økonomi.

Vil du gå landslinje skiskyting, les meir om det her.

Val av programområde og programfag

  • På vg1 er det berre obligatoriske fellesfag.
  • På vg2 må to programfag frå det valde programområdet, gå over to år.
  • I tillegg vel du eitt fritt programfag i vg2 og eitt i vg3.
  • For elevar som vel matematikk R1 eller S1 utgår fellesfaget i matematikk. Dei 3 veketimane som då fell bort må erstattast av et fritt valt programfag.
  • Alle elevar må ha fag tilsvarande minst 90 veketimar over tre år., det vil seie i snitt 30 veketimar per skuleår.

Fellesfaga på studiespesialisering (ST) er fordelt slik på dei tre åra:

 

Vg1

Vg2

Vg3

Norsk 4 4 6
Matematikk* 5 3  
Naturfag 5    
Samfunnskunnskap 3    
Engelsk 5    
Andre framandspråk** 4 4  
Geografi 2    
Historie   2 4
Religion     3
Kroppsøving 2 2 2
Sum timar pr. veke med fellesfag 30 15 15

 

 

 

 

 

 

* I matematikk må ein velje enten P (praktisk) eller T (teoretisk).

** I andre framandspråk må du velje:

  • Spansk 2 dersom du har hatt spansk i grunnskulen
  • Tysk 2 dersom du har hatt tysk
  • Spansk 1 dersom du har hatt fransk eller andre språk

Dersom du ikkje har hatt andre framandspråk i grunnskulen, må du ha spansk i tre år.

Vg 1 ST

På vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag).  

Du kan merke deg at nokre av faga er avsluttande på vg1, og karakteren kjem på vitnemålet ditt. Det gjeld engelsk, matematikk 1P/1T, naturfag, samfunnskunnskap og geografi.

Vi satsar på idrett og idrettsungdom. Dersom du ønskjer det, kan du i tillegg til fellesfaga (30 timar pr veke) velje breiddeidrett eller toppidrett. Timeplanen er tilpassa for at du skal kunne delta i ulike idrettar i skuletida.

På Stryn vidaregåande skule kan du gå studiespesialisering og velje programfaget Toppidrett, der vi legg til rette for trening i idrettane handball og fotball. Gjennom faget får du anledning til å trene i skuletida. Tysdag, onsdag og torsdag er det lagt til rette for økter på timeplanen. Programfaget består av 5 timar, men vi legg til rette for 6-8 timar med trening. Onsdag og torsdagar har vi lange økter, frå 09.50 – 11.55. Du kan også velje programfaget Breiddeidrett. 

Øktene på timeplanen er parallellagde, slik at alle årssteg trenar saman. Dette for å få gode treningsgrupper med gode føresetnader for å utvikle seg. Jenter og gutar trenar saman. Vi jobbar kontinuerleg med tekniske, taktiske og fysiske eigenskapar, alt med omsyn til kvar ein er i sesong. Elevane får og anledning til å utvikle individuelle dugleikar alt etter utviklingsmål kvar einskild har.

Stryn vidaregåande nyttar gode lokalitetar. Stryn stadion og Strynehallen er mykje nytta. Vi har også tilgong til eige styrkerom i Strynehallen, som er godt utstyrt med tredemøller, romaskiner og frie vekter. Vi leiger oss også inn i den splitter nye turnhallen til Stryn turn & idrettslag.

 

Lenkjer til læreplan programfag Breiddeidrett og Toppidrett.

Breiddeidrett 1: https://www.udir.no/lk20/idr06-03/kompetansemaal-og-vurdering/kv286

Breiddeidrett 2: https://www.udir.no/lk20/idr06-03/kompetansemaal-og-vurdering/kv287

Breiddeidrett 3: https://www.udir.no/lk20/idr06-03/kompetansemaal-og-vurdering/kv288

Toppidrett 1: https://www.udir.no/lk20/idr05-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv283

Toppidrett 2: https://www.udir.no/lk20/idr05-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv284

Toppidrett 3: https://www.udir.no/lk20/idr05-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv285

Vg2 ST

Skuleveka inneheld 15 timar fellesfag/obligatoriske fag. Dersom du tek nivå 1 eller 2 spansk eller tysk kjem standpunktkarakteren din på vitnemålet. Det same gjeld dersom du har matematikk 2P.

Dei øvrige 15 timane er valfrie fag/programfag. Standpunktkarakteren i faga du vel her, kjem på vitnemålet ditt.

Dei valfrie faga kaller vi programfag. Du vel minst tre programfag kvart år. To av faga må være innan programområde for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi. Desse faga skal du ha i to år (tilsaman 10 timar per veke). I tillegg kan du velge eitt fag til uavhengig av programområde (5 t/v). Som valfritt programfag kan du også velge spissa toppidrettstilbod eller breiddeidrett.

Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Du kan ta 35 timar første året, 30 timar andre året og klare deg med 25 timar på vg3.

Her kan du lese meir om dei ulike programfaga:

Vg2

Vg3

REALFAG

Matematikk R1 5 veketimar Matematikk R2 5 veketimar
Matematikk S1 5 veketimar    
Kjemi 1 5 veketimar Kjemi 2 5 veketimar
Fysikk 1 5 veketimar Fysikk 2 5 veketimar
Biologi 1 5 veketimar Biologi 2 5 veketimar

SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI

Økonomistyring 5 veketimar Økonomi og leiing 5 veketimar
Sosiologi og sosialantropologi 5 veketimar

Politikk og menneskerettar

5 veketimar
Engelsk 1 5 veketimar

Engelsk 2

5 veketimar
Samfunnsøkonomi 1
5 veketimar Samfunnsøkonomi 2 5 veketimar

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1

5 veketimar    

Matematikk R1

5 veketimar Matematikk R2 5 veketimar

Matematikk S1

5 veketimar    

ANDRE PROGRAMFAG

Breiddeidrett 1 5 veketimar Toppidrett 1 5 veketimar
Breiddeidrett 2
5 veketimar Toppidrett 2 5 veketimar
Breiddeidrett 3
5 veketimar

Toppidrett 3

5 veketimar

 

Vg3 ST

Skuleveka di inneheld 15 timar fellesfag/obligatoriske fag: 

  • Norsk 6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål

Dei øvrige timane er valfrie fag/programfag.

Dei valfrie faga kaller vi programfag. Du vel minst tre programfag kvart år. To av faga må være innan programområde for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi. Desse faga skal du ha i to år (tilsaman 10 timar per veke). I tillegg kan du velge eitt fag til uavhengig av programområde (5 t/v). Som valfritt programfag kan du også velge spissa toppidrettstilbod eller breiddeidrett.

Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Du kan ta 35 timar første året, 30 timar andre året og klare deg med 25 timar på vg3.

Her kan du lese meir om dei ulike programfaga:

Vg2

Vg3

REALFAG

Matematikk R1 5 veketimar Matematikk R2 5 veketimar
Matematikk S1 5 veketimar    
Kjemi 1 5 veketimar Kjemi 2 5 veketimar
Fysikk 1 5 veketimar Fysikk 2 5 veketimar
Biologi 1 5 veketimar Biologi 2 5 veketimar

SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI

Økonomistyring 5 veketimar Økonomi og leiing 5 veketimar
Sosiologi og sosialantropologi 5 veketimar

Politikk og menneskerettar

5 veketimar
Engelsk 1 5 veketimar

Engelsk 2

5 veketimar
Samfunnsøkonomi 1
5 veketimar Samfunnsøkonomi 2 5 veketimar

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1

5 veketimar    

Matematikk R1

5 veketimar Matematikk R2 5 veketimar

Matematikk S1

5 veketimar    

ANDRE PROGRAMFAG

Breiddeidrett 1 5 veketimar Toppidrett 1 5 veketimar
Breiddeidrett 2
5 veketimar Toppidrett 2 5 veketimar
Breiddeidrett 3
5 veketimar

Toppidrett 3

5 veketimar