Teknologi- og industrifag

Bilde av to elevar som sveisar på verkstaden.

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi- og industrifag?

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner, sveising, lakkering og produksjon basert på teknisk teikning i 3D, automatiserte prosessar, montering og/eller reparasjon? Eller har du ein draum om å bli yrkessjåfør? Då bør du velje teknologi- og industrifag (TIP).

Du som vel TIP bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre i yrker der helse, miljø og tryggleik står sentralt. Interesse for og evne til å sette seg inn i ny teknologi er viktig i eit fag i rivande utvikling.

Vi tilbyr

  • vg1 teknologi og industrifag
  • vg2 transport og logistikk 

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter fagbrevet, om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

Vg1

I løpet av skuleåret får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i bedrift, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg. På vg1 vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag desse 10 vekene.

Opplæringa er delt inn i:

  • 17 timar programfag per veke
  • 12 timar fellesfag per veke
  • 6 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

 

Vg2

I løpet av dette skuleåret får du moglegheit til å fordjupe deg innan valt yrkesområde. Som på vg1 har du 10 veker i løpet av skuleåret som vert nytta til arbeidspraksis, fordjupingsoppgåver og prosjekt i samarbeid med kundar eller lokale bedrifter. På vg2 kan elevar som ønskjer det, få vere i praksis i større grad. Skulen har også erfaring med internasjonale prosjekt som elevane har delteke i.

Opplæringa delt inn i:

  • 17 t programfag per veke
  • 9 timar fellesfag pr veke
  • 9 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

Vg1 teknologi- og industrifag

På TIP vil du mellom anna lære om:

  • produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • automatisering og programmering av robotar
  • maskiner og produksjonsutstyr
  • køyretøy og transport
  • kjemiske prosessar og kjemiteknikk
  • helse, miljø og tryggleik

Startar du eit utdanningsløp på TIP, kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke, feks innan køyretøyfag, industrifag, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsmaskinmekanikar, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Her finn du læreplanen til vg1 teknologi- og industrifag.

Vg2 transport og logistikk

Har du ein draum om å køyre trailer eller buss, om å kjenne at du meistrar eit riktig stort køyretøy, eller ønskjer du å halde på med vareflyt, lager- og terminalarbeid (logistikk)? Då er vg2 transport og logistikk (TOL) den rette utdanninga for deg. Du får også grunnlag for å søkje læretid som fagoperatør i kran- og løfteoperasjonar.

Du har praksis i bedrift innan både transport og logistikk. Teoriundervisning i programfaga tek ofte utgangspunkt i sentrale arbeidsoppgåver som du har fått erfaring med i praksis. Mange av elevane held fram som lærlingar i bedrifta dei hadde arbeidspraksis i.

Som eit ekstra tilbod til elevane, gir skulen dokumentert opplæring i sikker bruk av krokløftar, bakløftar og rullestolheis. Elevane får også sertifisert opplæring på truck.

Demonstrasjon av lastsikring på kranbil

På transport og logistikk vil du mellom anna lære om:

  • sikring og transport av gods
  • på- og avstiging og sikring av passasjerar
  • klargjering og handtering av gods
  • lasting og lossing og løfte operasjonar
  • tenesteproduksjon og arbeidsoperasjonar frå førespurnad til ferdig levering
  • transport av farleg gods i samsvar med føreskrift om landtransport av farleg gods.
  • bruk av dokumentasjon for å sikre kvalitet i alle ledd
  • kommunikasjon og samhandling i arbeidsliv, inkludert samhandling i trafikkbilete
  • førebygging av psykiske og fysiske belastningar og skader


I tillegg vil du få dekka utgifter til obligatorisk opplæring for førarkort klasse B, i samsvar med trafikkopplæringsforskrifta.

Ein yrkessjåfør kan arbeide i transportbransjen med forskjellig gods- og persontransport. Sentrale arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • transport av personar og last
  • lasting og lossing
  • service og kundebehandling
  • ruteplanlegging
  • planlegging og gjennomføring av oppdrag
  • handtering av transport dokumenter og dokumenter for passering av landegrenser
  • vedlikehald og klargjering av utstyr.

 

Som yrkessjåfør må du vise samarbeidsevne, serviceinnstilling, nøyaktigheit og kunne planlegge din eigen arbeidsdag. I tillegg må du vise evne til å ta ansvar og kommunisere med ulike aktørar.

Ein logistikkoperatør kan arbeide i transportbransjen eller annan industri eller næringsverksemd. Arbeidsområda er mellom anna:

  • service og kundebehandling
  • ordre og lagerhald
  • klargjering og utsending av gods
  • sikring av gods
  • bruk av ulike verktøy for transport- og vareflyt.


Som logistikkoperatør må du kunne arbeide effektivt, nøyaktig og rasjonelt, sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må også kunne yte service til kundar.

Som operatør i kran- og løfteoperasjonar vil du kunne få arbeid i industriverksemd som bygg og anlegg, offshore, transport og sjøfart.

Sentrale arbeidsoppgåver er m.a. handsaming av ulike typar løfteinnretningar og utstyr, samt kontroll og vedlikehald av desse.

Ein fagoperatør må kunne takle nye utfordringar på ein rask og god måte. Du må kunne arbeide sjølvstendig og i lag med andre. Arbeidet krev stor grad av kreativitet for å finne løysingar på uventa problem og arbeid i samsvar med helse, miljø og tryggleik for faget.

Her finn du læreplanen til vg2 transport og logistikk.