Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bilde av lesekroken på biblioteket

Velkomen til biblioteket!

Vi har ope:

Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 10 - 16
Torsdag kl. 10-20
Laurdag kl. 11-14

Skulebiblioteket er samlokalisert med Stryn bibliotek.

Du finn eit godt utval av bøker, teikneseriar, lydbøker, musikk og filmar, og vi abonnerer på mange aviser og tidsskrift. Du kan kome til oss med små og store spørsmål. Vi hjelper deg gjerne med å finne gode fagkjelder i bøker og på nettet, eller med å låne inn bøker frå andre bibliotek.

Vi vil at biblioteket skal vere ein stad for alle. Du treng ikkje føle at du må låne noko for å kome til biblioteket. Vi er ein møteplass der du kan treffe folk i alle aldersgrupper og alle type menneske. Du kan berre vere der og møte vener, slappe av, og kanskje ta deg ein kaffi?

Biblioteket har fleire små og store arrangement i løpet av året. Desse er gratis å kome på og alle er velkomne. Følg med på heimesida vår, http://strynbibliotek.no/, eller følg oss på facebook og instagram for å sjå kva som skjer. På nettstaden vår kan du også søke etter bøker, lydbøker, musikk-cd-ar og film. Du kan bestille titlar du finn i basen. Vi legg av til deg, eller reserverer om det skulle vere utlånt.

I tillegg til vanlege bibliotektenester har Stryn bibliotek ansvar for deler av lærebokordninga ved Stryn vidaregåande skule. Biblioteket har ansvar for mottak, registrering, utlån, innlevering, vedlikehald, purring og utarbeiding av fakturagrunnlag for erstatning.

Kristin Hatledal er biblioteksjef, Marthe Holien Bø, Sigrid Flo Standal og Ruth Maria Tøfte Heimlid er bibliotekarar.

Kontakt

Stryn bibliotek Kristin Hatledal
Hegrevegen 1 biblioteksjef
postmottak.bib@stryn.kommune.no kristin.hatledal@stryn.kommune.no
57 87 48 80 970 24 543