Drømmeskulen

Bilde av elevmentorane på Stryn vgs skuleåret 2021/2022

Drømmeskulen - ein tiltaksmodell for psykisk helse og psykososialt læringsmiljø i skulen

Drømmeskulen er utvikla av Voksne for Barn. Det er ein modell for å jobbe systematisk med det psykososiale miljøet i ungdoms- og vidaregåande skular, ut i frå eit helsefremjande perspektiv. Modellen omfattar heile skulen. Målet er å skape eit læringsmiljø der elvane opplever å bli sett, får brukt ressursane sine, og der den psykiske helsa til den enkelte elev vert fremja.

Drømmeskulen er eit godt tiltak når skulen ønskjer å:

  • gi rammer og verktøy for eit heilheitleg arbeid med det psykososiale læringsmiljøet i skulen
  • auke kompetansen hos tilsette om korleis ein kan jobbe for et godt psykososialt miljø
  • styrke relasjonane mellom elevar og mellom elevar og tilsette
  • styrke elevane si tilhøyrigheit, deltaking, meistring og motivasjon
  • auke elevane sin motivasjon for å fullføre og bestå
  • bruke elevane som ressursar i eit systematisk arbeid for å fremje eit godt psykososialt læringsmiljø

Har du spørsmål?

Ta kontakt med rektor eller miljøkoordinator:

Anders Magne Bruvoll

rektor
Anders Magne Bruvoll, rektor

Therese Dispen

miljøkoordinator
Therese Dispen, miljøkoordinator