Hopp til hovedinnhold

Landslinje skiskyting

Elev på standplass med gevær.  Foto: Stryn vgs

Landslinjetilbodet er knytt til studiespesialisering og har 10 elevplassar kvart år. Tilbodet kan og tilpassast bygg- og anleggsteknikk. Landslinje betyr at søkjarar frå heile landet konkurrerer på lik linje om plassane.

Kvifor velje?

Har du lyst til å sjå kor god du kan bli i skiskyting, eller likar du rett og slett sporten svært godt? Har du i tillegg lyst til å gå på skule og legge eit godt grunnlag for vidare studium? Då er svaret enkelt, søk på landslinje skiskyting på Stryn vgs!

Sportsleg tilbod

På landslinja vert det tilrettelagt for å kunne kombinere idrett og skule på best mogleg måte, og på Stryn vgs blir du ein del av eit stort idrettsmiljø, på tvers av fleire idrettar. Skulen tilbyr faget toppidrett for skiskyting, handball og fotball.

Du blir ein del av ein god treningskultur, med sunne verdiar. Vi har ca 20 samlingsdøgn i skuleåret. I tillegg reiser vi på 6 konkurransehelgar på nasjonalt nivå i løpet av vinteren, noko som utgjer ca 20 døgn.

Når vi reiser på samlingar og renn, reiser vi som medlemar av Nordfjord Team Stryn Energi. Eigenandelar og støtte frå sponsorar er med på å dekke samlingsopplegg og støtteapparat på NC-helgane. Sesongen 2023-2024 er eigenandelen for A-kontrakt på Nordfjord Team Stryn Energi 13000 kr.

Treningsåret startar 1. mai, og vi gjennomfører ei treningssamling før sommarferien. Dei som startar i første klasse blir med på det sportslege opplegget frå skulestart, rundt 15. august. I ei vanleg treningsveke gjennomfører vi 4 treningsøkter på skulen. På samlingsveker blir det gjennomført 8-10 treningsøkter.

Treningstilhøve

  • I barmarkssesongen brukar vi rulleskianlegget på Ullsheim Skistadion med ei total lengde på over 3 km. Dette nyttar vi mykje på fellestreningar, og det gjer det lettare og tryggare å gå på rulleski i store grupper. Det er også der vi har standplass med 30 blinkar, oppgradert med elektronisk opptrekk sommaren 2020. På vinteren har vi 45 km med preparerte skiløyper som strekkjer seg mellom Ullsheim skistadion og Stryn Skisenter.
  • Glimrande treningsområde i fjell- og skogsterreng, med mellom anna barkeløyper til langtur/intervalltrening.
  • Strynehallen, der mykje av kroppsøvinga og styrketreninga blir gjort, like ved skulen.
  • Symjehall 100 meter frå skulen.
  • Stryn Stadion 100 meter frå skulen.

Skuleåret 2022/23 er det to trenarar på landslinja. Kvar elev får tildelt ein trenar som har ansvar for treningsoppfølgjinga, men vi har fokus på at alle elevar skal bli sett, av begge trenarane. I samarbeid set dei opp og tilrettelegg for best mogleg felles treningsopplegg gjennom skuleåret.

Trenarane på landslinja er:

Anders Vonheim:

Trenar Nordfjord team skiskyting frå 2010

Trenar Stryn vgs idrettsfag/toppidrett frå 2013

Trenar Landslinja Stryn vgs frå 2017

Bachelorgrad i idrett frå Høgskulen i Lillehammer

Mastergrad i bevegelsesvitenskap frå NTNU

Hans Martin Gjedrem:

Utøver på jr. landslag skiskyting1998-1999

Utøver rekruttlandslag skiskyting 2001-2007

Utøver elitelag skiskyting 2008- 2009

Trener Storfjord langrenn 2017

Landslinja skiskyting Stryn Vidaregåande skule frå 2017

Alle må søke direkte til skulen i tillegg til Vigo!

Trykk her for søknadsskjema til opptak på landslinja for skiskyting.

Skjemaet skal sendast direkte til Stryn vidaregåande skule, postboks 158, 6781 Stryn eller på epost til skulen.

Trykk her for å søkje i Vigo.

Søknadsfrist Vigo er 1.mars.

Sosiale media

Her finn du landslinja sin konto på facebook og instagram.

Bildet i midten er av Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik, to av elevane våre som har gått på landslinja. I februar 2022 deltok dei i junior VM i skiskyting i Salt Lake City, og Maren vart attpåtil juniorverdsmeister! Sesongen 2022/2023 vart Maren vinnar av IBU-cup super sprint, samt fekk sin debut på elitelandslaget. Sesongen 2023/2024 har ho fått plass på elitelandslaget.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Hans Martin på landslinja eller Anita, avdelingsleiar på studiespesialisering.

Hans Martin Gjedrem

instruktør

Anita Elisabet Flo

ass. rektor
Anita Elisabet Flo, assisterande rektor