Sal, service og reiseliv

Elevar får omvisning i hagen på Nasjonalparksenteret på Fosnes.  Foto: Stryn vgs

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje sal, service og reiseliv?

Likar du å arbeide med menneske, og ønskjer eit yrke der du kan ha heile verda som arbeidsplass? Då er sal, service og reiseliv noko for deg.

Du vil få ei allsidig utdanning som opnar for ei rekke spennande karrieremoglegheiter. Kommunikasjon og tillit står i høgsetet enten du er vektar eller seljar, arbeider i resepsjon eller med reiseliv. Evna til å kommunisere med menneske – også frå andre kulturar – er viktig å tileigne seg.

Med sal, service og reiseliv skaper du deg ein brei horisont og tilpassar deg krav som ikkje berre vert stilt i Norge, men som gjer deg attraktiv i heile Europa.

Vi tilbyr:

Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram:

  • vg1 sal, service og reiseliv
  • vg2 sal og reiseliv

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter fagbrevet, om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

Vg1

I løpet av skuleåret får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i bedrift, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg. På vg1 vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag desse 10 vekene.

Opplæringa er delt inn i:

  • 17 timar programfag per veke
  • 12 timar fellesfag per veke
  • 6 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

 

Vg2

I løpet av dette skuleåret får du moglegheit til å fordjupe deg innan valt yrkesområde. Som på vg1 har du 10 veker i løpet av skuleåret som vert nytta til arbeidspraksis, fordjupingsoppgåver og prosjekt i samarbeid med kundar eller lokale bedrifter. På vg2 kan elevar som ønskjer det, få vere i praksis i større grad. Skulen har også erfaring med internasjonale prosjekt som elevane har delteke i.

Opplæringa delt inn i:

  • 17 t programfag per veke
  • 9 timar fellesfag pr veke
  • 9 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

Vg1 sal, service og reiseliv

Utdanningsprogrammet er lagt opp til at du sjølv vel vegen medan du går. På vg1 får du nemleg ein smakebit av heile fem yrke. På vg2 kan du velje fordjuping innan dei fem yrka, og på vg3 spesialiserer du deg. Slik unngår du å hoppe i noko du ikkje riktig veit kva er, og du kan vere sikker på å ende opp som ein spesialist i ditt fagområde etter fullført utdanning.

Du lærer mellom anna om:

  • økonomisk og berekraftig drift
  • marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon
  • administrasjon og digitale verktøy
  • reiseliv og turisme både lokalt og nasjonalt
  • ulike aktivitetsorienterte reiselivsopplevingar
  • sal, service og kundebehandling
  • planlegging og gjennomføring av tryggleikstiltak

Her finn du læreplanen til vg1 sal, service og reiseliv.

Vg2 sal og reiseliv

Vg2 handlar om å utvikle kommersiell forståing gjennom marknadsføring, samhandling, lønsemdsanalyse og organisasjonsutvikling. Gjennom utforsking av arbeidsformer og teknologi skal du lære å byggje og halde ved like profesjonelle relasjonar og utvikle yrkesidentitet.

Programfaga handlar vidare om å tilpasse og skape sals-, reiselivs- og serviceopplevingar til ulike målgrupper og marknader. Dette handlar om å utnytte lokale, nasjonale og internasjonale ressursar berekraftig for å skape meirverdi i samfunnet.

Vg2 sal og reiseliv skal bidra til at du lærer å møte kundar og gjester med respekt for identitet og kulturelt mangfald. Programfaga skal òg bidra til skaparglede og innovasjon gjennom utforsking av moglegheiter, målgrupper og marknader. Vidare skal programfaga vere med på å utvikle kunnskapen om etiske utfordringar innanfor sal og reiseliv. Vi har lang erfaring med internasjonal utveksling innan sal, service og reiseliv.

Lucia Trvalcova og Lise Fure Håvik på besøk på Instituto Hispanico de Murcia saman med manager Felipe Espada

 

Du lærer mellom anna om:

  • kunde- og gjestebehandling
  • rådgiving og rettleiing om reiser og reisemål
  • planlegging og gjennomføring av aktivitetar og opplevingar
  • bruk av informasjonsteknologi som sals- og støtteverktøy
  • marknadsføring og salsarbeid
  • ulike salsmetodar
  • kommunikasjon og samhandling

Her finn du læreplanen til vg2 sal og reiseliv.

Vegen vidare

Etter utdanning kan kan du få jobb i turisme og reiselivsbedrifter, resepsjonsarbeid i hotell og offentlege kontor, butikkar eller større bedrifter, vaktselskap, alarmsentralar eller på flyplassar.

Les meir om utdanningmoglegheiter innan sal, service og reiseliv på vilbli.no