Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

To elevmentorar har Drømmeskulen-opplæring for andre elevar. Foto: Reed foto

Stryn vgs har eige team for elevtenester

Vi er opptekne av å vere tett på elevane, tidleg. Vi vil at alle elevar skal ha ein god skulekvardag. Vi er trygge vaksne som i samråd med elevane kan hjelpe til med stort og smått. 

Dei som er med i elevteneste-teamet ved skulen vår er:

Kari Nyberg, avdelingsleiar

Therese Dispen, miljøkoordinator

Anne Serine Heggdal, rådgjevar og min.språkrettleiar

Rita Gausemel, miljørettleiar

Ragnhild Keilen, helsesjukepleiar

I tillegg har vi med oss PPT, NAV og OT til faste tider.

Vi

  • er eit lågterskeltilbod for hjelp, råd og rettleiing til elevar
  • tek imot elevane i døra kvar morgon
  • samtaler med elevar om ulike utfordringar
  • driv informasjonsarbeid og førebyggjande arbeid
  • arrangerer sosiale treffpunkt
  • samarbeider tett med heile personalet på skulen
  • driv sosialpedagogisk arbeid
  • hjelper til med ulike former for tilrettelegging elevane har behov for
  • samarbeider med ytre etatar etter behov

Det kan av og til vere vanskeleg å vite kven ein skal kontakte for å få svar på ulike spørsmål. Om vi ikkje kan svare på dine spørsmål, kan vi hjelpe deg vidare til rett person, så ver ikkje redd for å ta kontakt. Vi er her for elevane. Sjåast!

Har du spørsmål?

Ta kontakt med rektor om det er noko du lurer på!

Anita Elisabet Flo

rektor
Anita Elisabet Flo. Foto: Reed foto