Er du fødd i 2010, er interessert i skiskyting og ynskjer å kombinere utdanning og toppidrett? Då vil vi gjerne invitere deg på hospiteringssamling i Stryn 3. - 4. februar.
Målet med samlinga er at du skal få informasjon om det spanande tilbodet vi har på skulen, samt trene godt, og bli kjent med elevar og trenarar på landslinja vår.
Vi startar tysdag kl 13 og er ferdig onsdag omlag kl 13. Overnatting tysdag til onsdag blir på Ullsheim skiarena.
Program
Tysdag 3. februar
13.00: Lunsj i kantina på skulen (for utøvarar og føresette)
13.25: Informasjonsmøte og omvisning på skulen (for utøvarar og føresette)
14.20: Avreise frå Strynehallen med minibuss
14.45: Treningsøkt på Ullsheim, roleg komb. skøyting
18.00: Middag på Ullsheim
20.00: Tørrtrening og sosialt opplegg
Onsdag 4. februar
08.00: Frukost
09.00: Treningsøkt på Ullsheim, hardkomb. (intervall) skøyting
11.30: Buss tilbake til skulen
12.00 Ferdig - vel heim!
Vi ynskjer at flest mogeleg skal få vere med på denne samlinga, difor er opphaldet, inkludert mat, gratis! Busstasjonen ligg rett ved skulen, vi fraktar deg siste stykket.
Visste du forresten at Stryn vgs, i tillegg til studiespesialisering, også kan tilby yrkesfag i kombinasjon med toppidrett skiskyting? Då tek ein første året på studiespesialisering, og går over til bygg- og anleggsteknikk etterpå.
Påmeldingsfrist fredag 30. januar. Send påmelding på epost til Anders eller Hans Martin.
Anders Vonheim, tlf 46451551, epost anders.vonheim@vlfk.no
Hans Martin Gjedrem, tlf 91859101, epost hans.martin.gjedrem@vlfk.no
