Nyleg vart den offisielle livsglededagen markert. Elevane på vg1 helse- og oppvekstfag tilbydde Stryn omsorgssenter hjelpande hender denne dagen.
Dei vart godt mottekne av både bebuarar og personale. Elevane hjelpte til med både hårvask og føning, trilletur og henting av bebuarar som skulle vere med på andakt. Dei spela yatzy, kasta ball og hadde gode samtalar med bebuarar, før dei følgde dei trygt tilbake på avdelingane. Ein kjekk og lærerik dag!

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene