Hopp til hovedinnhold

Nye elevmentorar for skuleåret 2025/2026

Elevmentorane for skuleåret 2025/2026. Foto: Stryn vgs

I juni fekk dei nye elevmentorane våre opplæring slik at dei er klare til skulestarten 18. august!

Heile 21 elevar frå vg1 fekk nyttig og lærerik opplæring av dei dedikerte lærarane våre. Alt frå første skuledag er dei tilgjengelege, slik at vi kan ta i mot deg på beste måte når du møter på skulen. Kvar klasse får tildelt sine mentorar, og desse arbeider aktivt saman med kontaktlærar og andre for å fremje det psykososiale læringsmiljøet i klassen og på skulen.