Hopp til hovedinnhold

Open skule

Bilde av austsida på Stryn vgs ein sommardag. Foto: Stryn vgs

Gratis leige av skulelokale for aktivitetar for born og ungdom.

Vestland fylkeskommune har vedteke at frivillige lag og organisasjonar kan søke om gratis leige av lokale ved alle vgs i fylket.

Dette gjeld lag og organisasjonar som driv aktivitetar der fleirtalet av deltakarane er under 20 år. Tilbodet gjeld til dømes aktivitetar som kor, teater, dans, idrett eller liknande.

Ved skulen vår kan de søkje om å bruke:

  • auditorium (40 eller 80 plassar)
  • kantina
  • klasserom
  • studiearealet

Leigetakar må ta med eige spesialutstyr (skulen har ikkje lagringsplass), og må sjølve stille med tilsynsvakt. Skulen avgjer fordeling av lokale mellom søkjarane.

Kontaktperson er Elisabet Bø Nesdal - elisabet.bo.nesdal@vlfk.no

Slik søkjer du:

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet.

For hausthalvåret er søknadsfristen 1. juni (10. august for hausten 2025), for vårhalvåret 1. november.