Dei vidaregåande skulane i Nordfjord inviterer i desse dagar elevar og føresette i 10. klasse til open kveld. Hos oss er dette måndag 26. januar kl 18.
Program for kvelden
Formålet med kvelden er å gi 10.-klassingar og føresette høve til ein siste informasjonsrunde, før val av utdanningsløp. Denne kvelden vil de møte lærarar, rådgjevarar og avdelingsleiarar frå dei ulike utdanningsprogramma ved skulen.
Kl 18.00 Velkomen til skulen, kaffi
- Fellesinformasjon
- Nærmare informasjon om utdanningsprogramma våre:
-
- bygg- og anleggsteknikk
- helse- og oppvekstfag
- teknologi- og industrifag
- studiespesialisering
- landslinje i skiskyting (her kjem også ei rekruttsamling seinare)
- Omvisning på skulen
- Standar i kantina
Kl 20.30 Slutt
Dersom du ikkje har anledning til å møte, og ynskjer informasjon, kan du ta kontakt med:
Marit Løvøy Gascogne (yrkesfag), tlf 48 06 60 29 epost marit.lovoy.gascogne@vlfk.no
Jon Are Steen (studiespesialisering), tlf 90 75 01 25 epost jon.are.steen@vlfk.no
