Vi ser fram til å møte deg måndag 18. august! Det blir samla oppstart for alle i kantina kl 9.
Her blir det fellesinformasjon før klassane går til basisrommet sitt saman med kontaktlærar. Elevmentorane vert med sine tildelte klassar allereie første skuledag.
I lunsjen står Jon og Recheal klare med god og rimeleg mat i kantina. Frå og med tysdag kan du få gratis frukost kvar dag; havregrynsgrauten som dei lagar er kjempegod!
Her er nokre viktige ting å hugse på:
- Alle elevar må ha eigen pc. Dersom du er ny vg1-elev, kan du nytte deg av ordninga med å kjøpe rimeleg elev-pc gjennom fylkeskommunen. Her kan du lese meir om ordninga.
- Alle elevar med ungdomsrett har rett på utstyrsstipend. Du kan i tillegg ha krav på bortebuarstipend, og/eller inntektsavhengig stipend. Her kan du lese meir om dei ulike stipenda i Statens lånekasse.
- Dersom du bur meir enn 6 km frå skulen, har du rett på gratis skuleskyss. Du kan søke om skuleskyss når du takkar ja til tilbod om skuleplass (alle elevar må søke om skyss kvart skuleår). For elevar frå Vestland vil du få skuleskyssbilletten på mobil. Les meir om skuleskyss for elevar frå Vestland her. Les meir om skuleskyss for elevar frå Møre og Romsdal her.