Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
For deg som kan lite norsk
Dette året får du mest opplæring i norsk, men òg engelsk, samfunnsfag og kroppsøving. På slutten av året vil du få vurdering i desse faga. Du får karakter i orden og åtferd.
Vi vil òg prøve å få til språkpraksis ute i bedrift.
Etter å ha gått innføringsklasse, står du betre rusta til å klare vg1 - enten du vil gå yrkesfag eller studiespesialisering.
Kven kan søke
Du må vere fylt 16 år og ha fullført grunnskule i heimlandet. Dersom du har fått norsk fødsels- og personnummer og har fått kodar/passord frå MinID, kan du søke på VIGO.
Dersom du ikkje har dette, kan du ta kontakt med inntakskontoret.
Lenker
Trekk her for meir informasjon frå fylket om opplæring for minoritetsspråklege