Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Fire elevar som støyper plate. Foto: Stryn vgs

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Velkomen til modulbasert opplæring i salsfaget

Utdanninga er utvikla for vaksne som ønskjer å styrke kompetansen sin innan sal og kundebehandling. Opplæringa er delt inn i modular, slik at du kan ta eitt steg om gongen og kombinere læring med arbeid eller andre forpliktingar.

Målgruppe

Modulstrukturert opplæring er for vaksne (over 19 år) som ønskjer å oppnå fag- eller sveinebrev, og som har behov for ein meir fleksibel og tilpassa opplæringsmodell:
•    Vaksne som jobbar i butikk, kundeservice eller med direktesal, men manglar formell kompetanse
•    Vaksne utan fullført vidaregåande opplæring
•    Vaksne som ønskjer karriereskifte
•    Vaksne med fagbrev som ønskjer å ta eit nytt fagbrev
•    Vaksne med innvandrarbakgrunn
•    Vaksne som vurderer å starte eiga verksemd

Gjennomføring

Modulstrukturert opplæring er ei fleksibel og tilpassa opplæring spesielt retta mot vaksne. Føremålet med den modulstrukturerte opplæringa er at den skal bygge på den kompetansen den vaksne allereie har. Vi kan tilpasse opplæringa til den enkelte, og gje deltakarane kompetansen dei treng for å gjennomføre og bestå fag- eller sveineprøve så raskt som mogeleg.

Opplæringa vert tilpassa den enkelte sitt utgangspunkt og tidlegare erfaringar. Gjennom realkompetansevurdering vert kompetansen deltakaren har opparbeidd seg gjennom arbeid eller anna uformell opplæring, sett opp mot kompetansemåla i dei ulike modulane. Deltakaren dokumenterer kompetansen sin gjennom CV, attestar, referansar mm. Der kompetansen er tilstrekkeleg, vert heile eller deler av modulane godkjent. Dette gjer det mogeleg å korte ned tida det tek å oppnå fagbrev.

Opplæringa er delt i mindre einingar eller modular, noko som gjer det enklare for vaksne å kombinere utdanning med arbeid eller andre forpliktingar. Salsfaget inneheld modulane:
- regelverk og arbeidsliv
- service og relasjonar
- marknadsføring og salsprosessar
- økonomi og bærekraft i verksemda

I tillegg er det ein modul som omfattar norsk og samfunnskunnskap for yrkesfaglege utdanningar frå vidaregåande opplæring. 

Det er inga bestemt rekkefølgje modulane må gjennomførast i, og fleire modular kan gjennomførast på same tid. Det betyr at vaksne kan ta modulane i eige tempo og tilpasse opplæringa til eigen livssituasjon. Gjennomføringa er ein kombinasjon av nettundervisning, samlingar, rettleiing på arbeidsplass og praktiske oppgåver. Praksis er ein viktig del av den modulstrukturerte opplæringa, og intensjonen er at mesteparten av opplæringa skal gå føre seg i arbeidslivet.
 
Sluttkompetansen er den same som for ordinært løp.

Her finn du læreplan i salgsfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne

Her finn du læreplan i norsk og samfunnskunnskap - modulstrukturert opplæring for vaksne

Her finn du læreplan i norsk og samfunnskunnskap for språklege minoritetar

Spørsmål, rettleiing og søknad

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta

Klikk her for ei oversikt over Vestland fylkeskommune sitt vidaregåande fagtilbod for vaksne

Søknad må sendast via vigo.no.

Klikk deg inn på vaksenopplæring/realkompetansevurdering og føl instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegong og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette. Søknadsfristen er 1. mars, men du kan også søkje etter fristen.

Vaksenopplæring sal, service og reiseliv vg3/Gloppenmodellen

Hausten 2023 starta vi opp utdanningstilbod for vaksne med føremål om fagbrev innan sal, service og reiseliv. Utdanningstilbodet er lagt opp som vekslingsmodell der opplæringa vekslar mellom skule og bedrift.

På vg3 skuleåret 2025/2026, har elevane valt mellom reiselivsmedarbeidar og salsmedarbeidar. Utdanninga er ein kombinasjon av teori på skulen og praksis i bedrift.

Elevar og lærar står framfor Stryn vertshus. Foto: Stryn vgs

 

Vaksenopplæring restaurant- og matfag vg4/Gloppenmodellen

Skuleåret 2022/2023 starta vi opp med klasse innan restaurant- og matfag. Elevane er no ute i praksis.

Elevar og lærarar på restaurant- og matfag et middag i restaurant Borghild. Foto: Stryn vgs