Elevundersøkinga vert gjennomført i veke 45 og 46. Her finn du meir informasjon om undersøkinga.
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie si meining om læring og trivsel ved skulen. Undersøkinga er obligatorisk for skulane å gjennomføre for vg1. Stryn vgs gjennomfører undersøkinga for alle trinn ved skulen. Svara vert brukt av skulen, fylkeskommunen og staten til å følgje opp skulemiljø og elevane sin trivsel. Det er frivilleg å svare på elevundersøkinga, og det er mogeleg å hoppe over spørsmål.
Elevane får utdelt brukarnamn og passord, og dei skriv ikkje inn namn eller personnummer. Det er knytt strenge reglar for visning av resultat etter undersøkinga, og resultata kan ikkje publiserast på ein slik måte at det vert mogeleg å kjenne att enkeltelevar sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i elevundersøkinga vert lagra og brukt på rett måte. Svara frå elevundersøkinga vert lagra så lenge det er naudsynt. Svara kan bli brukt til forsking og statistikk, og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no
Trykk her for ei demovisning av spørsmål som elevane kan få.
