Vi ynskjer alle føresette til vg1- og vg2-elevar velkomne til orienteringsmøte. For vg1 er møtet tysdag 6. september kl 18.00 - 20.00, for vg2 torsdag 8. september kl 18.00 - 20.00.
Møta startar med ein fellesdel i auditoriet.
Saker:
1. Informasjon om skulen
- Presentasjon av tilsette
- Elevtenesta
- Draumeskulen
- Tilgang til Visma InSchool (VIS) for føresette
2. Fråværsreglement
- 10 %-regelen
- Føring av fråvær i VIS
3. Eventuelt
Etter fellesmøta vert det klassevise samlingar med kontaktlærar til eleven. Der får de meir informasjon om det aktuelle programområdet eleven går på. Det vert også val av foreldrekontakt.
Det er elles høve til å snakke med/gjere avtale med rådgjevar og avdelingsleiar for dei som ynskjer det.