Hopp til hovedinnhold

Maren er juniorverdsmeister i skiskyting!

Juniorverdsmeister Maren Hjelmeset Kirkeeide med gullmedalje rundt halsen

Jentene frå landslinja gjer det svært godt i Salt Lake City.

På opningsdistansen 23. februar (10 km normaldistanse) vart Emilie Flo Stavik beste norske deltakar med 14. plass. Maren Hjelmeset Kirkeeide vart då nr 17.

Tre dagar seinare var det klart for sprint. Maren låg på fjerdeplass ut frå ståande skyting, men greidde etter ein svært sterk sisterunde å gå heilt til topps! Ein fantastisk prestasjon! Emilie vart nr 26 i dette løpet.

Søndag gjekk jentene jaktstart. Maren vart beste norske jente med 5. plass, Guro Femsteinevik frå Hålandsdalen vart nr 7, Emilie nr 27. Desse tre jentene skal gå stafett tysdag, vi ynskjer dei lykke til!

Det vart diverre ikkje noko av felles stafett for Maren, Emilie og Guro. Grunna sjukdom vart det yngste laget trekt, og Maren vart teken opp på U23-laget. Maren gjekk ein svært god andre-etappe, og laget enda tilslutt på 4. plass. 

Gratulerer med flott insats, vi er utruleg stolte av dykk!