Hopp til hovedinnhold

Velkomen til open kveld tysdag 24. januar kl 18

Tre smilande jenter som har gruppearbeid. Foto: Reed foto

Vi inviterer elevar og føresette i 10. klasse til open kveld på Stryn vgs

Skulen er open for alle, enten du har bestemt deg for kva du vil gjere til hausten - eller om du er usikker på kva du skal velje. Nytt høvet til å få oppdatert informasjon om skulen og skulekvardagen vår.

Kvelden startar med fellesinformasjon i auditoriet kl 18. Det vert høve til å møte lærarar og elevar frå dei ulike utdanningsprogramma våre, og til å få nærmare informasjon. Det vert lett servering.

Vi reknar med å avslutte seinast kl 20.30.

Dette er dei søkbare utdanningsprogramma våre komande skuleår:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Helse- og oppvekstfag
  • Sal, service og reiseliv
  • Teknologi- og industrifag
  • Studiespesialisering
  • Landslinje skiskyting (her kjem også ei rekruttsamling seinare)

Vel møtt!