Velkomen til nytt skuleår!

Uteområde ved Stryn vgs. Foto Stryn vgs

Vi ser fram til å møte både nye og gamle elevar måndag 15. august kl 09!

Alle møter i kantina til felles samling. Det blir litt informasjon der før alle elevane føl sin kontaktlærar til klasserommet.

I lunsjen måndag serverer Recheal og Jon i kantina pizza til kun kr 20!

Praktisk informasjon

  • Det må søkjast om skuleskyss kvart år! Skuleskysskort frå vgs må aktiverast på nytt, elevar frå ungdomsskulen får nye kort. Alle søkjer her.
  • Alle elevar må ha eigen PC. Vg1-elevar og deltakarar i vaksenopplæringa kan kjøpe rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune si ordning med elev-PC. Les meir om dette her.
  • Alle elevar har rett til utstyrsstipend frå Lånekassa. Dersom du bur på hybel, kan du òg ha rett til bortebuarstipend og reisestipend. Nokre vil kunne søke om inntektsavhengig stipend. Du kan lese meir om dei ulike stipenda, samt søke på Lånekassa sine sider.