Stryn vidaregåande skule
Simona Cmielova

Simona Cmielova

Lærling i verdas mest spennande region?

I fjor var Simona Cmielova elev på Vg2 Reiseliv ved Stryn vidaregåande skule. I år er ho lærling i Reiselivsfaget. Les om Simonas spennande og varierte arbeidsdag som lærling på ulike reiselivsbedrifter i Nordfjord.

Lærling i verdas mest spennande region?

Visit Nordfjord, Hoven Loen, Sagastad, Hotel Alexandra, Via Ferrata, Gloppen Hotell og Stad Skipstunnel. Einståande planar om eit nytt Dubai i Måløy. Kunne hald fram lenge. Reiselivet i Nordfjord er allereie rått, og vil berre bli råare.

Namnet mitt er Simona Cmielova og eg er reiselivslærling i Nordfjord. Etter to års studium ved Stryn Vidaregåande Skule gjekk barndomsdraumen min i oppfylling. Eg vart lærling hos Hotel Alexandra i verdas mest spennande region. Det meinar i alle fall eg. Ikkje det at eg har opplevd så mykje av verda, men kvar i verda kan vi finne så mykje attraksjonar og opplevingar på eit så lite geografisk område som Nordfjord? I dag reiser mange til Tyskland og køyrer til Sveits for å ta gondolbane, men kvifor det når den råaste gondolbana snart er i nabolaget vårt? Og kvifor reiser ungdommane til Marrcesh eller Bali for å surfe, når dei råaste og mest harde bølgene er på Stadt? Greitt nok at temperaturen på både vatn og land ikkje er like bra, men tenker vi eigentleg på kva vi har i nærområdet vårt? 

Å vere reiselivslærling har ikkje vore noko tradisjon her i Nordfjord. Kokk, servitør og resepsjonist har vore meir vanlege utdanningar å ta innan reiselivet. I reiselivsfaget har dei fleste læreplassane vore i større byar, og i større reiseselskap, men gjennom eit godt samarbeid fekk alle frå mitt klassekull på Stryn Vidaregåande Skule moglegheita til å bli lærling no i haust.

Læretida er særs spennande og variert. I mine tre fyrste månader som lærling har eg jobba i Visit Nordfjord. Her har eg fått vore med på sluttfasen for den nye merkevareprofilen, jobba i turistinformasjonen der eg fekk møte menneske frå ulike delar av verda, hjelpt til i kontoret, og ikkje minst vore med på ulike møter og konferansar i Nordfjord.

I haust fekk eg oppleve konferansen om destinasjonen Stad Skipstunnel som blir verdas første skipstunnel. Denne tunellen vil ikkje berre redusere ventetid for skipsfart, men vil og redusere risikoen for skipsulukker. Men for at også dette skal bli eit stort turistmål må bedrifter samarbeide. Visit Nordfjord med den nye merkevareprofilen ønsker å oppnå akkurat dette. Det som er viktig at vi hugsar på er at samarbeid sikrar vekst. Mange jobbar hardt for reiselivet i Nordfjord.  Derfor er det viktig å tenke på felles mål, og kjenne kva vi ønsker å samarbeide for. Vi må skjønne at det er viktig at vi marknadsfører kvarandre, og at vi marknadsfører Nordfjord som ein destinasjon. Sjølvsagt er vi avhengige av drivkrefter, men det har vi mange av. Du har heilt sikkert høyrt om Richard Grov og Hoven Loen, Preben Moen og Gloppen Hotell, Mads Jonsson og Stad Surfing eller John Olav Lefdal som i dag kjempar for å få cruisekai på Nordfjordeid, og som nyleg er blitt eigar av både Bryggen Hotell og Nordfjord Hotell. Hadde vi ikkje hatt slike personar som jobbar med fleire prosjekt samtidig, i både store og små bedrifter, hadde vi ikkje hatt turistar hos oss.

I dag jobbar også Måløy med eit stort byggjeprosjekt. Prosjektet blir kalla for Dubai i Måløy i mange samanhengar. Planen med dette prosjektet er å byggje noko spektakulært som vil gje deg same og kanskje betre oppleving enn sjølve Dubai. Men før den tid, vil vi få oppleve noko stort i det indre Nordfjord. Som motoren i reiselivet driv Hotel Alexandra også mykje arbeid for å gjere Nordfjord til ein endå meir attraktiv turistattraksjon. I dag arbeidar hotellet med prosjektet Hoven Loen. Du har sikkert høyrt om gondolbana som tek deg 1011 meter opp til fjells. Her satsar hotellet på å få om lag 40 000 gjestar i første sesong når dei opnar 20 mai 2017.

Som lærling er det mange tøffe ting eg får oppleve og vere med på her i Nordfjord. Det er ingen grenser som er satt for dette området.

Eg kan stolt seie at reiselivet, og det å vere lærling i reiseliv er spennande, og det gir innblikk i så mykje meir enn hotell og resepsjon. Nordfjord har mange prosjekt som er godt i gang, og ei spennande framtid. Sjølvsagt har eg som lærling heller ikkje noko å klage på, og håpar at resten av læretida mi blir like spennande som det har vore fram til no. 

 Simona Cmielova

Tips ein ven Skriv ut