Hopp til hovedinnhold

Feiring

Kjempelang kake til feiring av flotte elevprestasjonar. Foto: Stryn vgs

Måndag feira vi VM- og NM-medaljar, samt gode resultat i kjemi-OL!

Elevane våre har oppnådd mange flotte resultat i vinter, og måndag markerte vi desse med kake i kantina.

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok eit fantastisk gull på sprinten i junior-VM i skiskyting! Også Emilie Flo Stavik deltok i mesterskapet!

I junior-NM i helga vart det sølvmedaljar til Emilie Flo Stavik og Ann Kristin Aaland. I tillegg tok desse to og Linnea Melheim Espe bronse i stafett. Emilie tok også bronsemedalje i junior-NM sprint langrenn i januar. I tillegg har gjengen frå landslinja hatt fleire pallplassar i norgescupen denne sesongen.

Vi feira også at Eline Nesdal og Eirik Bjørlo Sandbakk gjekk vidare frå 1. runde i Kjemi-OL. Eline vart nr 13 av 886 deltakarar med 85 poeng! 148 deltakarar kvalifiserte seg til 2. runde, og i tillegg til Eline var Eirik ein av desse. 

I dag kom resultata frå 2. runde. Her deltok 127 elevar, og dei 16 beste går seinare i vår vidare til eit kurs ved Universitetet i Oslo og avsluttande finale. Eline er ein av desse 16 - gratulerer!