Vi ynskjer alle eit godt nytt år med bilder frå juleavslutninga vår.
Siste skuledag før jul tok "kantine-Jon" like godt med seg grautpanna til Strynehallen og serverte svoltne elevar frukost i foajeen!
Elevane var dermed godt rusta til å ta fatt på turnering i volleyball og innebandy. Dei som ikkje spelte, var med og heia på klassen sin.
Litt seinare på dag var kantina klar til fest, julemiddagen var ferdig og elevane pynta til juleball. Tilsette hadde dekka bord, laga middag og dessert, og stod for servering og opprydding. Vg3 var programleiarar og hadde regi på programmet under middagen. Ein flott tradisjon!
Dagen vart avslutta med godt program i kulturhuset av vg2-elevane.

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene