- Bygg- og anleggsteknikk
- Helse- og oppvekstfag
- Innføringskurs for minoritetsspråklege
- Kombinasjonsklasse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkomen til Stryn vgs - for deg som vil litt meir!
Er du klar for vidaregåande opplæring? Kom til oss! Vi kan tilby eit trygt og inkluderande miljø, flinke tilsette, gode lokale og ei fantastisk kantine. Skulen ligg midt i sentrum i tettstaden Stryn, innerst i Nordfjord. Vi har i underkant av 300 elevar og 60 tilsette.
Vil du drive med skiskyting i skuletida?
Då er Stryn vgs staden for deg! Vi har landslinje i skiskyting, det betyr at søkjarar frå heile landet kan gå på skule her. Vi kan tilby topp treningstilhøve året rundt og svært dyktige lærarar/trenarar.
Internasjonal praksis for elevar på vg2 helsearbeidarfag
Gjennom Erasmus+ og Vestland fylkeskommune får fire elevar ved skulen høve til å ha praksisopphald ved Annousakeio Medical Center i Kissamos på Kreta.Aktuelle saker
Hospiteringssamling skiskyting
Er du fødd i 2010, er interessert i skiskyting og ynskjer å kombinere utdanning og toppidrett? Då vil vi gjerne invitere deg på hospiteringssamling i Stryn 3. - 4. februar.

Har du tenkt å ta eksamen som privatist i vår?
I perioden frå 15. januar kl 00.00 til 1. februar kl 23.55 kan du melde deg opp til privatisteksamen. Her kan du lese meir om ordninga.

Velkomen til open kveld!
Dei vidaregåande skulane i Nordfjord inviterer i desse dagar elevar og føresette i 10. klasse til open kveld. Hos oss er dette måndag 26. januar kl 18.

Elevundersøkinga 2025
Årets elevundersøking vert gjennomført her på skulen i perioden 28.10.-14.11.
