- Bygg- og anleggsteknikk
- Helse- og oppvekstfag
- Innføringskurs for minoritetsspråklege
- Kombinasjonsklasse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkomen til Stryn vgs - for deg som vil litt meir!
Er du klar for vidaregåande opplæring? Kom til oss! Vi kan tilby eit trygt og inkluderande miljø, flinke tilsette, gode lokale og ei fantastisk kantine. Skulen ligg midt i sentrum i tettstaden Stryn, innerst i Nordfjord. Vi har i underkant av 300 elevar og 60 tilsette.
Vil du drive med skiskyting i skuletida?
Då er Stryn vgs staden for deg! Vi har landslinje i skiskyting, det betyr at søkjarar frå heile landet kan gå på skule her. Vi kan tilby topp treningstilhøve året rundt og svært dyktige lærarar/trenarar.
No er resultata frå årets skuleval klare!
Framstegspartiet gjer sitt beste skuleval, medan Arbeidarpartiet ikkje har gjort det dårlegare sidan 2003. Dersom vi samanliknar resultata frå Stryn vgs med landsoversikta, ser vi mykje same tendensane.Aktuelle saker
20.08.2025
Velkomne til orienteringsmøte!
Vi ynskjer alle føresette til elevar på vg1 og vg2 velkomne til orienteringsmøte. For vg2 er møtet tysdag 26. august kl 18.00 - 20.00, for vg1 onsdag 27. august kl 18.00 - 20.00.

04.07.2025
Velkomen til nytt skuleår!
Vi ser fram til å møte deg måndag 18. august! Det blir samla oppstart for alle i kantina kl 9.
