- Bygg- og anleggsteknikk
- Helse- og oppvekstfag
- Innføringskurs for minoritetsspråklege
- Kombinasjonsklasse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkomen til Stryn vgs - for deg som vil litt meir!
Er du klar for vidaregåande opplæring? Kom til oss! Vi kan tilby eit trygt og inkluderande miljø, flinke tilsette, gode lokale og ei fantastisk kantine. Skulen ligg midt i sentrum i tettstaden Stryn, innerst i Nordfjord. Vi har i underkant av 300 elevar og 60 tilsette.
Vil du drive med skiskyting i skuletida?
Då er Stryn vgs staden for deg! Vi har landslinje i skiskyting, det betyr at søkjarar frå heile landet kan gå på skule her. Vi kan tilby topp treningstilhøve året rundt og svært dyktige lærarar/trenarar.
Internasjonal praksis for elevar på vg2 helsearbeidarfag
Gjennom Erasmus+ og Vestland fylkeskommune får fire elevar ved skulen høve til å ha praksisopphald ved Annousakeio Medical Center i Kissamos på Kreta.Aktuelle saker
30.09.2025
Velkomne til hospiteringsdagar!
20. og 21. oktober er det klart for hospitering for 10. klasse.

20.08.2025
Velkomne til orienteringsmøte!
Vi ynskjer alle føresette til elevar på vg1 og vg2 velkomne til orienteringsmøte. For vg2 er møtet tysdag 26. august kl 18.00 - 20.00, for vg1 onsdag 27. august kl 18.00 - 20.00.


