Stryn vidaregåande skule

Ledige stillingar på Stryn vidaregåande skule

Ledige stillingar ved Stryn vidaregåande skule frå 1. august 2016.

Stryn vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule som ligg vakkert til i indre Nordfjord. Skulen ligg i tettstaden Stryn i Stryn kommune. Skulen er bygd i 2007 med nye og moderne lokale

Inntil 60% vikariat i undervisningsstilling på Vg2 Reiseliv for skuleåret 2016-2017.

SAK 16/4633

Kvalifikasjonar:

· Faglærarutdanning/relevant utdanning på høgskulenivå innan reiseliv, minimum 60 st.p

· PPU

Søkjar med anna relevant fagutdanning innan reiseliv kan og bli vurdert.

Inntil 100% undervisningsstilling i programfag idrett for skuleåret 2016-2017.

SAK 16/4634

Inntil 100% undervisningsstilling med hovudansvar for skiskyting på utdanningsprogrammet studiespesialisering.

Kvalifikasjonar:

· Relevant utdanning på høgskule/universitet minimum 60 st.p. i idrettsfag

· PPU

· Trenarkompetanse innan skiskyting

Skulen er tildelt ansvar for spissa toppidrettstilbod i skiskyting i fylket, og har elevar som er aktive idrettsutøvarar i denne idretten. 20% av stillinga blir leigd ut til Team Statkraft Nordfjord som trenar på kveldstid.

Vilkår:

For tilsetjingane gjeld avtaleverket for vidaregåande opplæring og fylkeskommunale vilkår.

Før tilsetjing må det leggast fram politiattest

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju

Personlege eigenskapar:

Skulen søkjer entusiastiske personar som kan jobbe i team saman med andre lærarar, har erfaring frå arbeid med ungdom og evne til kommunikasjon med ungdom og foreldre

God digital kompetanse

Utviklingsorientert

For meir informasjon www.stryn.vgs.no

Rektor Anders Magne Bruvoll tlf: 995 24 511

Søknad med fullstendig cv, skal sendast elektronisk på www.sfj.no under ledige stillingar

Søknadsfrist: 13.06.2016

Direkte til søknadsskjema

Tips ein ven Skriv ut