Stryn vidaregåande skule

Stryn og Oldedalen er ei levande lærebok i kvartærgeologi


På Visnes har vatn og grus laga ei kjempejettegryte med diameter 8 meter. Der startar geografiekskursjonen til første klasse som var på utferd sist torsdag.
Utferda som Hans Petter Galtung leia, tek oss trinn for trinn gjennom landskapet. Elevane kosa seg,

Les meir om den spennande ekspedisjonen.

Stryn og Oldedalen er ei levande lærebok i kvartærgeologi

På Visnes har vatn og grus laga ei kjempejettegryte med diameter 8 meter. Der startar geografiekskursjonen til første klasse. 1STB var på tur 26/5, og 1STA dreg truleg 31/5. Utferda som Hans Petter Galtung leia, tek oss trinn for trinn gjennom landskapet. Elevane kosa seg, sjølv om det vert 14-15 gongar inn og ut av minibussen.

På Oppheim kan ein få oversikt over den paleiske flata. Då var landskapet i Stryn heilt flatt!

I millionar av år har denne flata blitt skvisa av istidar og skura av vatn og stein. Landet har heva seg, og vi fikk fjordar. Fjella som stakk opp under istidane vart kvasse nibber og eggar.

No kan vi utnytte dette landskapet i landbruk og turisme. I Loen såg vi at bøndene dyrkar på næringsrik silt og drenerande grus som isvatn frå har lagt att. I Olden låg Queen Victoria til kai med 1900 turistar. Seinare kjem eit skip med 4000 passasjerar. Med mannskap på mellom 1000 og 2000, vert det like mange personar på skipet som innbyggartal i Stryn! Så følgde vi isavsette terassar; Tyvanestrinnet, Melheim/Laukitrinnet, Eidetrinnet. På Sunde såg vi ras og hengande dalar ved. Ved Tungøyane/Aabrekk kan ein sjå restar frå den lille istida på 1700- talet. Det vart hungersnød på grun av kaldt klima. Vi fikk høyre om Hugleik Tungøen som gikk fleire turar til Kristiania for å få hjelp frå Kongen i København. På siste turen ned frå Jostedalsbreen frøys han i hel. Garden hans vart seinare tatt av ras frå Brenndalsbreen. Det står ein minnestøtte om Hugleik der vegen tek av til Brenndalen. Ein kan også utnytte landskapet til å selje gammalt vatten, difor gikk vi opp på morena nedafor kjelda til Olden Brevatn.

pi

Til slutt gikk vi til Briksdalsbreen. Denne smelta kraftig tilbake på 1930-40 talet, og var mest tilbaksmelta kring 1950, og hadde då om lag samme nivå som i dag. Utover frå 1950 byrja breen å rykke fram igjen, og spesielt mykje fram på 1990 talet. Ein fikk då danna ei ny endemorene; 1997 morena. Siden 1997 har den trekt seg tilbake. På eit år (2003/2004) gjekk den tilbake heile 130 m.

pi

Denne turen er som å bla i ei lærebok. Siste kapittel var matstopp før rask tur ned langs Briksdalselva på den nye fossestien. Retur til Stryn vgs klokka 15.20.

Ref: Per Ingebrigt Karbø

Tips ein ven Skriv ut