Stryn vidaregåande skule
Ronja  Foto: Stryn vidaregåande skule

Gler seg over auka søkjartal til yrkesfaga

Fagopplæringsnemnda gler seg over auka søkjartal og tilrår at fleire klassar vert oppretta i yrkesfaga på vg1. I møte 13. mars vedtok nemnda uttale til justering av opplæringstilbodet neste skuleår.

Ved dimensjonering av tilbodet innan yrkesfaga, er det særskilt viktig å sjå på behova for faglært arbeidskraft i næringslivet og tilgangen på læreplassar i dei ulike faga. Ut frå dette formålet prioriterer fagopplæringsnemnda nærings- og arbeidslivet sine behov framfor elevane sine ynskjer. I framlegget er det kommentert tal grupper og samla dimensjonering på fylkesnivå. Tilboda ved dei einskilde skulane er ikkje kommentert. Dimensjoneringa innan dei tre store faga bygg- og anleggsteknikk, teknikk og industriell produksjon og elektrofag må sjåast i samanheng. Søknaden til yrkesfaga vg1 har auka dette året. Det er svært gledeleg.  Av søkarar til vg1 med ungdomsrett har 56,5 % søkt yrkesfag. Tala for 2018 var 55 %. 

Bygg- og anleggsteknikk   

Søknaden til dette faget på vg1er mindre enn tal utlyste grupper. Søknaden er likevel betre enn i 2018. Likevel har byggenæringa framleis stor trong for fagarbeidarar på fagområdet. Det er god tilgang på læreplassar. Mange av søkjarane til elektro har bygg- og anleggsteknikk som sitt andre ynskje. Difor blir mange av plassane oppfylte med elevar som ikkje kjem inn på elektro. På bakgrunn av tilgang på læreplassar og behov for fagarbeidarar, bør ein halde på tal grupper som i dag. Til vg2 er det god søknad. Innan vg2 byggteknikk må det aukast opp med ei gruppe. Utover dette bør dimensjoneringa vere som utlyst. 

Teknikk og industriell produksjon 

Til vg1 TIP er det godt samsvar mellom tal søkjarar og utlyste plassar. Det er 199 søkjarar til  197 plassar. Men ut frå oversøkinga til elektro, veit vi at mange har TIP som sitt andre val. Vi har dei siste åra opplevd at mange også søkjer kryssløp til transport og logistikk og anleggsteknikk. Innan næringa er det god tilgang på læreplassar og stort behov for faglært arbeidskraft. Begge desse forholda tilseier at vg1 TIP kan aukast opp. Til vg2 er Industriteknologi er det framleis for få søkjarar, men treden har snudd frå siste år. Sett frå næringa og fagopplæringsnemnda sin ståstad vil industriteknologi bli eit viktig fag også for framtida. Tal grupper på vg2 bør difor ikkje reduserast. Det er viktig å ikkje svekke fagmiljøet ute på dei skulane. Vi har merka oss at det er svak søknad til plast og kompositt og bilskade lakk. Det er derimot svært gledeleg at kjemi og prosessfag har svært god søknad. Etter fleire år med svake søkjartal, er dette svært  positivt for næringslivet på dei store industristadane i fylket.

Elektrofag 

I elektrofag er det ein stor oversøknad sett i høve til det utlyste tilbodet på vg1. Det er 199 søkjarar til 128 plassar. I møte med opplæringskontora var det ein grundig og god diskusjon om det er mogeleg å skaffe fleire læreplassar til dette faget. Opplæringskontoret for elektrofag og Sogn opplæringskontor var tydelege på at tal læreplassar ikkje kan aukast. Opplæringskontoret for Nordfjord meinte det kan vere mogeleg å auke tal læreplassar noko. Vi har også erfaring frå tidlegare år om at det kan vere vanskeleg å få alle ut i ei lærebedrift. Dei siste åra har det difor vore naudsynt å starte vg3 tilbod i dette faget. Ut frå tilgangen på læreplassar er det ikkje grunnlag for å auka tal grupper. Eit anna alternativ er å auke tal elevar i kvar gruppe frå 12 til 15. Fagopplæringsnemnda må drøfte dette i møtet. Til vg2 er det undersøking på data og elektronikk og oversøkning til automatisering. Men samla sett er det bra samsvar mellom tal søkjarar og tal plassar på vg2. 

Helse- og oppvekstfag 

Fagopplæringsnemnda har merka seg den store og aukande søknaden til helse- og oppvekstfag. Det er positivt at fleire elevar frå dette faget går ut i lære. Siste åra har dette faget hatt aukande tilgang på læreplassar. Helse Førde kjem også inn med nye læreplassar i helsearbeidarfaget. Ut frå søkjartala og behova i kommunane vil vi tilrå å auke opptaket med ei gruppe på vg1. Dette krev at kommunane gjere endå eit løft for å auke tal læreplassar. Vi har merka oss at fleire kommunar i fylket framleis tek inn for få lærlingar sett i høve til KS si målsetting. Til vg2 er det betre samsvar mellom tal søkjarar og utlyste grupper. Her er det ikkje behov for justeringar. 

Naturbruk- maritime fag 

I dei maritime faga er det bra søknad. Til vg1 er det 57 søkjarar til 60 plassar. Tal søknader har auka litt frå tidlegare år. På bakgrunn av søkjartalet og tilgang på læreplassar meiner vi at gruppetalet bør vere som i dag både på vg1 og vg2.

Restaurant- og matfag 

Det har over fleire år vore dårleg søknad til dette faget. Dette til trass for at det er god tilgang på læreplassar og det er stort behov for faglært arbeidskraft. Det er difor gledeleg at tal søkjarar har auka dette året. Særleg har søkjartalet gått opp i Sunnfjord. I Sogn er det framleis lågt. Sjølv om søkjartalet i Sogn er lågt bør det vere grunnlag for å auke tal grupper på vg1 Til vg2 er det betre samsvar mellom søkjarar og utlyste grupper. Her er det difor ikkje behov for justeringar. Vi har særskilt merka oss at søkjartalet ved Sogndal vidaregåande skule framleis er lågt til restaurant og matfag. Skulen, næringslivet og bransjeorganisasjonane må gjere eit krafttak for å få opp søkjartalet og marknadsføre tilbodet ved skulen.

Service og samferdsel

I service- og samferdsel er søkjartalet betre enn i 2018. Til vg1 er det 64 søkjarar til 72 plassar. Det er stor trong for arbeidskraft innan dette fagområdet. Det er også bra tilgang på læreplassar. Sett frå fagopplæringsnemnda sin ståstad er det ikkje behov for justeringar. Dimensjoneringa bør vere som i utlysinga. 

Mobilitet hos elevane og i næringslivet

Ein læreplass er å sjå på som eit ordinært arbeid. Å ta til i lære er for mange den første ordinære arbeidsplassen. Det er difor viktig å ha mobilitet til å takke ja til ein læreplass sjølv om ein må flytte på seg. I tettstadane i fylket har det dei si ste åra vore mangel på læreplassar. Mens det i kommunar og verksemder som ligg i meir grisgrendte strøk, har mange læreplassar stått ledige. Det er difor viktig at søkjarane til læreplassar viser større mobilitet enn i dag. 

Næringslivet og andre arbeidar ofte for å oppretta linjer og nye tilbod ved sin eigen "nærskule". Alle skular kan av faglege omsyn ikkje ha tilbod om alle linjer. Ofte kan ein få inntrykk av at næringslivet er mindre interessert å ta inn lærlingar og faglært arbeidskraft som har teke utdanninga på naboskulen. Adressa til lærlingen spelar ofte ei viktigare rolle enn faglege kunnskap til einskilde søkjar. Desse problemstillingane har også Kunnskapsministeren teke opp i fleire innlegg og talar.

Tips ein ven Skriv ut