Stryn vidaregåande skule
Elevar på Kåre Roseths plass

Foto: Stryn vgs

Ungdom frå Sogn og Fjordane toppar statistikkane

Elevane og lærlingane i Sogn og Fjordane er best i landet på å gjennomføre vidaregåande opplæring både på studiespesialisering og i yrkesfag.

I dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomfører 91,6 prosent, medan tilsvarande tal for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er 67,7 prosent.

Når ein legg saman alle utdanningsprogramma, kjem Sogn og Fjordane på andreplass i statistikken med 79,2 prosent som fullfører og består vidaregåande opplæring på fem år. Det er 0,1 prosent bak Akershus som toppar statistikken. Det syner ny statistikk frå Utdanningsdirektoratet.

Motiverer til vidare arbeid

Tala syner at dei vidaregåande skulane arbeider godt med ungdomane i opplæring.

– Å drive god opplæring er ein dynamisk prosess som krev at alle som er aktørar i arbeidet, er i utvikling. Å auke gjennomføringa føreset samhandling og gode innarbeidde rutinar både på og mellom alle nivå i utdanningsløpet. Den gode statistikken motiverer oss til å arbeide for at endå fleire gjennomfører vidaregåande opplæring på ordinær tid, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring.

Ho og resten av opplæringssektoren i Sogn og Fjordane tek no med seg dei gode resultata vidare inn i Vestland fylkeskommune. Første steg på vegen vidare er dialogmøte med kommunane i dagens Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har gjennomført slike møte kvar haust dei siste åra, som del av arbeidet med å sjå heile opplæringsløpet – frå grunnskule og ut vidaregåande – i samanheng.

Tips ein ven Skriv ut