Stryn vidaregåande skule
Tre elevar på byggfag i arbeid

Foto: Reed Foto AS

Lærlingsamling 2019

Fylkeskommunen inviterer lærlingar og lærekandidatar som har teikna lærekontrakt i 2019 til lærlingsamling i Stryn 3.oktober for å ta opp aktuelle tema for læretida.

Ein representant frå lærebedrifta, anten fagleg leiar eller instruktør, er også velkommen til å melde seg på samlingane, som vert på dei vidaregåande skulane.

Publisert 16. september 2019 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Tid og stad for samlingar

  • Eid vidaregåande skule: onsdag 18. september kl. 11.00
  • Årdal vidaregåande skule: tysdag 24. september kl. 10.00
  • Flora vidaregåande skule: onsdag 25. september kl. 10.00
  • Dale vidaregåande skule: torsdag 26. september kl. 10.00
  • Måløy vidaregåande skule: tysdag 1. oktober kl. 11.00
  • Stryn vidaregåande skule: torsdag 3. oktober kl. 09.30
  • Mo og Øyrane vidaregåande skule: tysdag 15. oktober kl. 09.00
  • Høyanger vidaregåande skule: tysdag 22. oktober kl. 11.00
  • Sogndal vidaregåande skule onsdag: 23. oktober kl. 11.00

Ønskjer du å vere med på ei av lærlingsamlingane, ta kontakt med Essi Annika Maki på essi.annika.maki@sfj.no. Få med namn, namn på bedrift, kva skule du melder deg på og kontaktinformasjon. Lærlingar og lærekandidatar har fått informasjon og påmeldingsinformasjon på e-post, men kan sjølvsagt også ta kontakt om dei lurer på noko.

Tips ein ven Skriv ut